Vårcruise på Todalsfjorden
Det var nok mange som lurte på kva ferja «Åfjord» dreiv med på Todalsfjorden måndag. Ferje var på «vårcruise» med politikarar, næringslivfolk og byråkratar for å informere om Todalsfjordprosjektet i ein slags minikonferanse på bølgan blå. Det var Karin Halle og Per Helge Malvik som var vertskap i regi av SuSu-programmet som er samarbeidsorgan for næringsutvikling og som arbeider for eit felles mål å få til ein døgopen region på Nordmøre.