Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NBU’s landsstemne i Surnadal er i full gang….

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2016

Tysdag opna årets landsstemne i Norgers Bygdeungdomslag i Surnadal – eit stort område ved og rundt travbanen er arena for arrangementet, der Surnadal Bygdeungdomslag er vertskap for tusenvis av landsstemne deltarar frå heile landet. Her er det full rulle frå tysdag kveld og til avsluttninga natt til søndag 24. juli.  NBU’s 71. årsmøte tjuvstarta alt måndag kveld i idrettshallen der Thora Voll Dombu frå Meldal var valt til ny leiar for Norges Bygdeungdomslag. Tidlegare leiar i NBU, Nils Håvard Øyåa og kona Karin Åsbø har begge vore aktive i NBU og inviterte alle fylkesleiarane heim til terrassen på Nordvik, der vi fikk helse på dei.

Nils Håvard Øyås fortalte om bygdene, næringlivet og aktivitetane på Indre Nordmøre.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dit kom også naboen, Jenny Klinge, som er heime på Nordvik på ferie frå Stortinget. Nils Håvard orienterte om bygdene i Surnadal, næringslivet, folket og det politiske arbeidet med å utvikle bygdene og skaffe nye og attraktive arbeidsplassar og botilhøve. Å skape arbeidsplassar på bygdene er eit sentralt tema i alle bygder, ikkje berre i Surnadal. Nils Håvard og Karin har skapt sine eigne arbeidsplassar – han som takstmann med eige firma og ho med interiørbutikk i Amfi Sunndal som ligg i nabokommunen. Litt artig er det også at Nils Håvard og karin trefte kvarande i samband med eit NBU landsstemne for nokre år sia.

JennyKlinge_2719

jenny Klinge, stortingsrepr. for Senterpartiet, orienterte om sin politiske karriere og arbeidet på Stortinget. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Vidare orienterte Jenny Klinge om sin karriere gjennom skulegang og arbeid – vidare til lokalpolitikken og no altså stortingrepresentant for enterpartien Senterpartiet med fast plass denne perioden. Ho er også veldig oppteken av at det skal være aktive bygder, og har stor nytte av å bo på Nordvik i staden for i hovudstaden. Her kan ho følgje med på det som skjer på bygdene og tale bygdenes sak på Stortinget.

Som sagt pågår NBUs landsstemne i Surnadal i desse dagar – her kan du følgje linken til programmet for landsstemnet.

 

Publisert: 20. juli 2016, 19:05