Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Amund Maarud møtte eit begeistra publikum…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2016

Eit begeistra publikum trossa regnbyene laurdag kveld og kom på friluftskonsert med jazzgitaristen Amund Maarud på Todalshytta – og jammen fekk dei valuta for pengane. Med Amund var det ”full trøkk” frå første akkord og publikum «var med» under heile konserten, – der han kjørte sitt soloshow.

Og Amund han likar det slik – han elkar å opptre på små plassar, der folk kan både å bake bollar og å sveise – da blir det enkelt, og du kan spørje ein person om alt. Og han omtala Todalshytta og folka der som metaforanes arnestad. Det har han nok rett i, for jammen har vi fått eit rikt kulturliv med konsertar og kultur av høg klasse i kjølvatnet av låtskrivarseminara på Todalshytta.

DSC_2598

Amund hadde rigga seg til scene på svalgangen, og publikum i det store restaurantteltet. Foto: Jon Olav Ørsal

Som publikummarar må vi sette pris på at deltakarane på låtskrivarseminara trives i Todalen, og kjem att for å by på seg sjølv med intimkonsertar. – Som Maarud sa så er det naturleg, for her i Todalen har vi fått opplevd det å by på seg sjølv i ekstrem grad.

– Og Maarud bydde på seg sjølv. Da han runda av konserten fikk han ståande applaus frå publikum som ville ha meir, og dermed vart det to ekstranummer før han bokstaveleg talt dro ut kontakten på lydanlegget.

Så kan vi berre begynne å gle oss til neste happening – laurdag 23. juli kjem Asle Beck til Todalen med gitaren sin….

Bildegalleri fra solokonserten til Amund Maarud på plassen framfor Todalshytta.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. juli 2016, 23:06