Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balldag med veterankokk

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2016

Da vi stakk innom Todalshytta på føremiddagen i dag var det full aktivitet på kjøkkenet. Tysdag er balldag på kjøkkenet var Åse Øyen og Jan Larsen i fullgang med førebuingane til balldagen. Og det var ikkje berre ei lita ballgryte som var i emning, men det var storkasserollen som stod på omnen og gjorde seg klar for 60-70 posjonar med potetball.

Og Åse er for veteran å rekne i ballkokarfaget. Med 11 år som vertinne og kokk på Todalshytta med faste balldagar på tysdag er det naturleg å bygge opp ein spisskompetanse i faget. På spørsmål om korleis det føles å være attende ved grytene på kjøkkenet på Todalshytta treng ho ikkje lang betenkningstid – det er heilt topp, seier ho. – Du veit korleis det er når sirkushestar kjenner sagmugglukta, legg ho til.

balldag_AaseG2675

Ein miks av råpotet, kokapotet og løk går i miksaren. Her gjeld det å få rett konsistensen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ingen tvil om kven som er kjøkkensjef denne dagen. Åse kjører potet og løk gjennom kverna, og blander inn byggmel med vant hånd. – det er viktig at ballen blir passeleg har seier ho og prøvelagar ein ball som ho klemer litt på. Ho kjenner lett korleis ballen vil bli og det blir godkjenner resultatet. Dette blir nok bra. Åse fortel at ho har nokre knep for å justere seg inn, dersom den blir for hard eller for blaut.

Jan Larsen er oppteken med å kutte opp gulrot og kålrot som skal serverast til, og rådfører seg med Åse når det gjeld mengde som skal til. Bllmåltidet skal nemleg serverast med bacon, ein pølsebit, litt stekt løk og potet til. Mn det er enno eit par timar til kundane kjem, for serveringa tek nemleg til frå kl 14.00 og utover dagen så langt det rekk.

Jan Larsen kuttar gulrot som skal serverast som tilbehør til ballen.   Foto. Jon Olav Ørsal

Eric Malling som er vert på Todalshytta er glad for at han har fått med Åse på laget når dei arrangerer balldagar.  når ein har kapasitetar som Amund Maarud og Asle Beck til å sørge for underhaldninga på Todalshytta, går det ikkje an å ha amatørar til å lage potetball, gliser han, og gjer seg klar til å ta imot ballgjestane utover tysdagen.

balldag_Aase&Jan_2671

Blir det nok? – Jan Larsen spør seg til råds med Åse. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. juli 2016, 19:56