Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9103 artiklar i dette arkivet.


Tapt og funnet – saknar du bilnøkkel?

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2016

Ein bilnøkkel vart funnen ved Hafallmelen i dag. Sjekk nøkkelhonka di og sjå om det er du som har mista denne nøkkelen som ser ut til å tilhøre ein Volvo av ein eller anna type. Den låg i grusen framfor Phillipstavla som står ved vegen der, så laksefikarar bør være spesielt oppmerksame. Nøkkelen ber preg av at den har ligge ei stund.


Jamnt godt laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2016

Sjølv om fangstreultata ikkje kan måle seg med første veka, er det framleis jamnt og godt fiske i Toåa. Seinast torsdag dag vart det meldt inn laks på 5,8 kg og onsdag var det fleire fangstar. Den digitale rapporteringa er litt mangelfull, så vi har ikkje heilt oversikt, fortel Ola Bruset i Todalen elveeigarlag. Han oppfordrar alle til å melde inn fangstar som ikkje alt er rapporterte, da elveeigarlaget skal levere midtsesongevaluering til fylkesmannen.


Takkar kundane for tilliten…

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2016

Lars Kristian Todal, som er dagleg leiar hos Sveen Auto, er audmjuk når han fortel om bilsalet det siste året. Dei enda opp med 194 bilar på salsstatistikken i 2015 – Det tykkjer han er bra, og spesielt når ein tenkjer på turbulensen som var rundt VW-konsernet i fjor haust. I 2016 ligg dei så langt an til å slå denne rekorden, fortel Todal.


Quiz og kaffe i arboretet

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. juli 2016

Onsdag kveld var det klart for sesongens første quizkveld i arboretet. Quizmester Ida Andrine Heggset hadde laga 30 spørsmål fordelt på seks kategoriar: hummar og kanari, mat og drikke, sommarsongar, blomster og andre buskvekster, sport og fritid, biletquiz frå Norge.


No kan du sjå avdukinga av Ethelbert på nettsida til NRK

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2016

Storlaksen Ethelbert vart eit døgn forsinka på NRKs lokalsending for Møre og Romsdal. Men tysdag kveld kom innslaget, og no kan du sjå lokalsendinga med innslag om avdukinga på nettsida til NRK.  Klikk deg inn på denne linken.


Junivinnaren trekt

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. juli 2016

Kulturkontoret melder: «Det er trekt ut ein vinnar for juni månad blant Stikk UT!-deltakarane i Surnadal kommune.


Balldag med Åse ved grytene

Jon Olav Ørsal Måndag 4. juli 2016

Todalshytta melder minner på om balldag på tysdag, med Åse Øyen som gjestekokk, – og med heimlaga potetball og tilbehør på menyen. Det serveres potetball frå kl 14 og utover så langt det rekk. – Vi tek gjerne mot bestilling på førehand, seier Eric Malling på telefon frå Todalshytta. Da kan du ringe telefon 480 99 […]


Langope med quiz og hagevandring i Arboretet

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juli 2016

Dei fire onsdagane i juli er opningstida i Svinviks arboret frå klokka 11.00 til 20.00, både i hagen og kafèen, og det blir program om kvelden. Onsdag 6.juli er det quiz med tema sommar.


Janúar Viðar leiðsögumaðurinn þinn á Íslandi

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2016

Ja, det står det at Jan Vidar er turistguide i Island. Han har sia starten på mai jobba i eit selskap i Island og driv med guiding av turistar på breturar i Vatnajökul nasjonalpark. Det er ein drømmejobb, seier Jan Vidar Øyen, som no er heime ein snartur før han veder til bake til Island, og blir der til oktober.


Sporty at dere kom på konsert….

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2016

Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.


Håvard Gjeldnes med ny løyperekord i Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2016

Håvard Gjeldnes og Henrik Hurdal kjempa heilt til målstreken om å kome først, men Håvard Gjeldnes trekte det lengste strået og sikra seg der med ny løyperekord på 11.18.22, medan Henrik Hurdal fikk offisiell tid på 11.18.56. På tredjeplass kom Geir Atle Røen i mål 13.10.12. I dameklassen var det Berit Mogstad som ikjje heilt uventa var først ute og dermed sikra seg seieren med tida 12.50.56.


Full rulle på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2016

På Bordholmen er fotballen forlengst i gang, men Todalsdagen er ikkje berre fotball. oppemarknaden har også opna og Lars Polden er på plass med den nye bygdeboka for Todalen eller rettare sagt Bygdebok for Surnadal bind 1.