Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Birøktarkurs: – Vi lærer av kvarandre

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2016

Vi har tidlegare omtale birøktarkurs i Skulstuå, og delvis trefte vi att same gjengen i Skulstuå i dag.  På dagsorden stod førebuing til overvintreing og handertering av honningen som biene har samla i løpet av sommarsesongen. Samlinga skjedde i regi av Nordmøre birøktarlag, og det var Anders Talgø som var kursleiar for kurset som går på andre året.

anderstalgo_5182

Anders Talgø er fagleg ansvarleg for kurset. I dag stod mellom anna klargjering til overvintring på dagsorden. Foto: Jon Olav Ørsal

Dagens kursddag starta med spørretime, og fortsette med dronninginnføring og klargjering til overvintring og sjekk av bikuben. Eit av hovudtemaene i dag var og handteringa av honningen frå sommarsesongen – med slynging, pakking og lagring. Anders Talgø viste praktiske eksempel på korleis ein skal handtere honningen og orienterte om ideelle temperaturar som var aktuelle for dei forskjellige prosessane  for å få eit godt resultat.

På kurset deltek både nybegynnarar og erfarne birøktarar, fortel Anders Talgø, som altså er leiar for kurset som går i regi av Nordmøre birøktarlag og som i løpet av kurstida skal ha totalt 5-6 samlingar med faglig gjennomgang og med utvekslinga av erfaring og kunnskap mellom deltakarane.

Birøktarkursi Skulstua i Todalen. Frå venstre Emil Thorp, Per Egil Nyheim, Nina Bjerkeli, Rønnaug Skjærmo, Jon heitmann, Lili Bævre, pille roaldset, Anders Talgø, Kjerstin Øvrelid Selvig og Sven Olav Svinvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Handtering av honningen var eit anna tema på dagens birøktkurs. Anders Talgø orienterte om prossessane for å få god kvalitet på honningen. Foto: Jon Olav Ørsal

I ei tid med krise og sterk tilbakegange for bier og humler er det meir aktuellt enn nokon gong å gje innsekta ei hjalpande hand, og eit av alternativa er å starte med birøkt. Meir info finn du på nettsida til birøktarlaget, der du og finn kontaktinformasjon.

honning_halvfavbrikata_5194

Halvfabrikkata som skulle bearbeidas til rette kvalitet på honningen. Foto. Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 2. oktober 2016, 18:58 - Sist oppdatert: 3. oktober 2016, 17:41