Ikkje til Todalen, men til Trodalen…
Torsdag var stavganggrupa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Trodalen. For å kome til Trodalen køyrde stavgangarane til Flessastastranda. Der hadde dei alliert seg med folk til å låse opp bommen, og så bar det utover etter ein skgsveg til dei kom til parkeringsplassen eller kanskje det heller var ein lunningsplass. Herfrå bar det til fots utover i retning Trodalen, etter merka løype.