Dugnad ved Hermannhytta.
Jan Nordvik og Vidar Sogge har tilsyn med Hermannhytta som er en hytte til Den Norske Turistforening (DNT), noe som medfører maling, vedhogging og rundvask blant annet.
Vi fann 9096 artiklar i dette arkivet.
Jan Nordvik og Vidar Sogge har tilsyn med Hermannhytta som er en hytte til Den Norske Turistforening (DNT), noe som medfører maling, vedhogging og rundvask blant annet.
Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.
Torsdag kveld kl. 19.30 vert det ope møte på kyrkjelydshuset på Skei om gudstenesteordninga som er i bruk i kyrkjelydane. Det er sokna Stangvik, Todalen og Åsskard som skal vurdere si ordning for hovedgudsteneste som vart vedteke og teke i bruk for nokre år sidan
Denne helga er det kioskope på 2. pinsedag (måndag) i staden for søndag som er 1. pinsedag og søndag. Første pinsedag er høgtidsdag, og butikken er stengt på same måte som 1. juledag og 1. påskedag. På 2. pinsedag butikken open som vanleg på søndagar frå 16.00 til 18. HalsOil drivstoff kan du imidlertid fylle heile døgnet […]
Laurdag vart vi frista av ein annonse frå folkemuseet i Sunndal som ligg på Leikvin. Dei kunne by på vikingemarknad, der du kunne oppleve ein snev av livet så langt attende som i jarnalderen. Vi dro til Likvin for å sjå og oppleve dette…..
Også i år vert det felles, stor pinsegudsteneste i Stangvik. Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta. – Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.
Neste torsdag, nærare bestemt torsdag 8.juni er det klart for ny RAUS-konsert. Der skjer i Todalen ungdomshus, og RAUS 2017 kan by på ei heilt utruleg artistliste, der du finner velkjente navn frå tidlegare RAUS-konsertar som Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman og Johanna Demker. Men vi finn også 7 nye namn på lista, fortel Eric Malling som er vert på Todalshytta og arrangør av låtskrivarseminar på Todalshytta i neste veke.
I løpet av juni er det plana at det skal flygast opp ny bru over Rossåa i Kvennsetdalen. I vinter gikk det nemleg isforr som ødela brua og tok med seg stålkonstruksjonane nedover elva. Når det kjem helikopter er det gusnstig at ein kan være fleire om oppdraget, slik at tilflyging kan delast på fleire og dermed få til ein billegare pris.
Svinviksrunden har alt hatt besøk av over 650 StikkUt-sprekingar hittil i år. Torsdag vart det 28 nye navn i boka, da Surnadal pensjonistlags stavganggruppe la torsdagsturen hit til Svinvika. Med start og mål på parkeringsplassen, kunne den enkelte gå så langt dei ønska. Går du heile runden er turen på rundt 4,3 km etter veg – ein del etter gammelvegen i Kleiva, og elles går den etter Hjellnesvegen ned til Snøya og vidare ned til Nausta og vidare forbi Vika og tilbake til parkeringsplassen ved arboretet.
Gjennom ei årrekkje har det blitt mykje teleskade på fundamentet under koret og sakristiet under Todalen kyrkje. Dette blir det no retta på når firmaet Tradisjonsbygg har sett i gang reparasjonsarbeid i samarbeide med firmaet Bredesen som stiller med gravemaskin.
Tysdag kveld inviterte trimgruppa i Todalen idrettslag til trimtur opp til Gammelsetra ytst i Kvennsetdalen. Sjølv om det var litt grått og surt ver, var det godt oppmøte med i alt tretten trimmarar.
I føremiddag var det eit lite branntilløå i det gamle royalanlegget på MøreTre. Ein liten og troskyldig oljelekkasje kunne imilertid utvikla seg, men situasjonen kom raskt under kontroll, fortel dagleg leiar Hallvard brusethaug til Todalen.no.