No startar ryddearbeidet i Falla
No er Vatn Maskinstasjon i gang med oppryddinga etter anleggsarbeidet som har pågått i Falla i vinter. No er det fritt for tele i området, og dermed er det gode forhold for å fullføre arbeidet, seier dagleg leiar Gudmund Ole Vatn i Vatn Maskinstasjon. Han ber om at trafikantane utviser forsiktigheit ved passering i området.