Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strandryddardag med stor innsats

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Laurdag tok Nordvikgardingane eit skippertak for å samle plastsøppel både i strandlina og langs vegen. Klokka 10 gikk startskotet, og det var rundt 20 deltakarar frå starten, men fleire kom til etter kvart.  Det var strandlina frå Svinvika og heilt utover til Mulneset som vart rydda i dag.

Gjennom TV og andre media har det den siste tida vore stor fokus på plast i havet, og det er sett i gang ryddeaksjonar over heile landet for å rydde strender og elvekantar for store mengder med plast. Det var nok mange som fekk ein skikkeleg vekkjar når bilda av kvalen som hadde fullt av plast i magen gikk både på alle media.

Ein god del plastsøppel var det også på Nordvik, men nordvikgardingane er nok flinke til å rydde etter kvart så det vart ikkje noko rekordarta resultat.

For ettertida bør vi nok alle ha litt meir tankar for kva vi hivar i elva og på sjøen, og heller passe på at alt plastavfall kjem dit det høyrer heime – i plastinnsamlinga.

dagens fangst etter rydding i strandlinja og etter vegen på Nordvik. Slett ikkje verst resultat! Foto Kristoffer Nordvik.

Publisert: 5. mai 2018, 14:46