Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar etter vinteren på Krigsminnesamlinga

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2018

Laurdag stakk vi innom Krigsminnesamlinga på Åsen, der det var dugnad på andre dagen.  Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og når vi blir fleire er det fort gjort å rydde etter vinteren. I maidagane er det og stor aktivitet både i Indre Nordmøre forsvarsforening og på Krigsminnesamlinga, fortel Olav Jostein Holten som er leiar i foreninga.

Odd Trodal og Arvid Gjengstø rydda og støvsuga på loftet. Foto: Jon Olav Ørsal

8. mai markeres frigjøringsdagen som også er forsvarets veterandag. Dette markeres lokalt med nedlegging av krans ved Åsskard kyrkje og samling på Hammerstuene etterpå.

15. juni er det omvisning på Krigsminnesamlinga for elevar i 9. klasse på ungdomsskulen  og 26. mai er det open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen i tidsrommet 12-16.

Krigsminnesamlinga på åsen held hus i gammalskulen på Lykkjeeidet, og her er det samla mange ting frå krigstida – i hovudsak er det militært utstyr av ymse slag som er samla inn i Surnadal kommune. Det siste tilskotet til samlinga er eit par hjelmar og eit par gassmaskevesker som vart funne like ved skuleområdet på Øye før helga.

Den 15. mai kjem heile 9.-trinnet ved ungdomsskulen på besøk til Krigsminnesamlinga.  – det er viktig å fortelje ungdomane kva som skjedde under krigen, og spesielt kva som skjedde våren 1940.  Det er berre så synd at vi har berre ein skuletime på kvar elevgruppe til disposisjon.  Difor blir det litt for konsentrert og dermed begrensa kva vi klarar å formidle, seier Holten.

Per Moen samla og rydda i bøker og avisutklipp – om og frå krigens dager. Foto: Jon Olav Ørsal

Holten fortel vidare at forsvarsforeninga fekk ideen til Krigsminnesamlinga midt på 90-talet da det var fredsminnemarkering. – Da kom det for dagen at det fantes mykje materiell frå krigens dager som var teke vare på. Dermed var arbeidet med Krigsminnesamlinga sett i gang, og alt i 2000 var det klart for å opne dørene til samlinga.

På Krigsminnesamlinga er det samla mykje utstyr og materiell frå krigens dager – det meste her frå kommunen. Foto: Jon Olav Ørsal

Krigsminnesamlinga held til i gammelskulen på Lykkjeeidet – like ved folkemuseet på Åsen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 5. mai 2018, 12:59