Arboretet har ope heile pinsa, også 2. pinsedag!
Svinviks arboret minner om at arboretet som vanleg har ope heile pinsa, også måndag 2.pinsedag. Alle dagane ope frå kl. 11 – 16. Rododendronblomstringa er kome igang. Velkomne!
Vi fann 9110 artiklar i dette arkivet.
Svinviks arboret minner om at arboretet som vanleg har ope heile pinsa, også måndag 2.pinsedag. Alle dagane ope frå kl. 11 – 16. Rododendronblomstringa er kome igang. Velkomne!
Dagens hovudprogram kom heilt til slutt i år. Det starta med gudsteneste i Todalen kyrkje og fortsett med nedlegging av krans på bautaen ved kyrkja. Deretter var det folketog frå kyrkja forbi Hallagrenda og etter Pilskarvegen over Øyabrua og til Ungdomshuset, der resten av programmet foregikk.
Fotballgruppa i TIL er vant til store frokostselskap, så 140 personar rundt frokostbordet skremmer ikkje. Etter at biltoget var unnagjort så var frokosten klar på asfaltplassen på Bordholmen.
Presis kl 10 sette biltoget seg i bevegelse, etter at heile 58 kjørety hadde vore oppstilt i gata mellom Talgø-fabrikken og Halsbua klare til å ta den tradisjonelle runden oppover bygda til Gammelfabrikken og nedover igjen til Bordholmen. Dette har vore ein del av feiringa av nasjonaldagen – heilt sia 60-talet.
Som tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes.
Ein skulle kanskje tru at hjorten no finn nok mat i skogen, slik at den held seg unna innmarka. Men det er nok feil – det er stadig mykje hjort kring vegkantane, så det er best å køyre med forsiktighet. I kveld tok vi ein rask runde rundt bygda for å sjå om det var […]
Dei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.
Fredag kveld inviterer Ola Kvendset til kuslepp ved Viastua. Etter ein lang vinter blir fjøsdøra opna mot uteplassen, og kyrne får dermed kome ut på lovbestemt sommarferie. Vi kan rekne med mange og kåte sprell når det går opp for dem at det har vorte sommar på Kvennset. Dørene opnes altså i 19.30-tida fredag kveld, […]
Den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere skal ha skytetrening på den gamle skytebanen ved ytter brua i Dalavegen, den 24. mai frå kl 19.00 og utover, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no Den nystarta klubben har 14- 15 medlemar frå både Rindal, Surnadal og Todalen i dag, og er enno i startfasen. Trollheimen Sportsskyttere er en dynamisk sportsskyttarklubb, […]
Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.
På Nordvik startar feiringa av nasjonaldagen med folketog frå Oppistua og innover til Nordvik forsamlingshus, der det er både feiring, servering og tale for dagen. Leikar for borna er det også – og det skjer på Øygarden Stadion – rett i nabolaget.
Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.