Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det fiskarelv igjen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. august 2018

Det har vært langt mellom regnbygene i sommar og vassføringa i Toåa har nådd eit minimum som vi ikkje trudde var muleg.  Sist natt glimta imidlertid vêrgudane til, og i nattas mulm og mørke har det kome nærare 20 mm regn.  Det er nok på langt nær nok, men det er meldt meir regn i kveld og i morgon.

Vassføringa er knytt mot NVEs målestasjon ovafor Storfossen, og fredag var den på nede på eit minimum på 1,23 m3/sek. Etter regnfallet var den i 10.30-tida i dag på 7,67 m3/sek. Da nærmer vi oss ei fin fiskarelv, og vassføring til å leve med.  I skrivande stund kl 18 er vassføringa på veg ned att og er på rundt 5 m3/sek.  Vi kan etter prognosane frå yr.no rekne med 5-6 mm nedbør i løpet av natta, og det vil nok hjelpe på vassføringa litt. Det rapporteres forøvrig at det er bra med fisk i elva, men at den har vore lite bitevillig.  Det spørs no da, dersom det blir litt meir vassføring i helga.

Vassføringa i Fyrhushølen og Snekkarfossen laurdag ettermiddag. Det blir nok litt større vassføring etter kvart som sideelvane kjem til nedover bygda.   Foto: Jon Olav Ørsal

Regnvêr er det og meldt i neste veke – det blir vel mest frå onsdag og utover veka, og det blir nok såpass at det påverkar vassføringa i Toåa og sideelvane og kan være med og sikra at det blir ei grei avslutning på sesongen som sluttar 15. august i Toåa.

 

Publisert: 4. august 2018, 18:31