Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klarstemte Trondheimsolister i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2018

Sjølv om gradstokken kom over trettitalet, så hindra ikkje det Stangvikfestivalen i å fylle kyrkja med eit lydhøyrt publikum som kom for å høyre TrondheimSolistene. Og dei fekk jammen fekk dei skikkeleg valuta for pengane.

TrondheimSolistene hadde under konserten med seg mange gjesteartistar for høvet. I rak rekkjefølge kan vi nemne Sigrid Vetleseter Bøe, Erik Rosenius, Tora Augestad, Robert Pickup, helge Jordal og Else Bø. Og resultatet av dette måtte berre bli så bra som det vart.

Komponisten Marcus Paus var til stades under konserten. Her saman med Tora Augestad og Trondheimsolistenes dirigent Peter Hatfield. Foto: Jon Olav Ørsal

Først ute var Else Bø på piano som opna konserten med «Memonto mori Nr 1». Den er komponert av komponisten Marcus Paus. Paus var forresten til stades på konserten, og hadde også bidratt med musikken til «Den hemmelige sommer» som vart framført av mezzosopranen Tora Augestad og TrondheimSolistene seinare i programmet og «Memento mori nr 2» med Else bø på piano.

Konserten fortsette med Symfoni Nr 14 Op. 135 i fem satser der TrondheimSolistene hadde med seg sopranen Sigrid V. Bøe, bassen Erik Rosenius og Else Bø på piano og perkusjon.

Både Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius deltok som solistar saman med TrondheimSolistene. Foto: Jon Olav Ørsal

Helge Jordal bidrog både med diktlesing og song – ein dyktig og solid scenekunstner. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit høgdepunkt under konserten var Helge Jordals diktlesing, der han framførte diktet «Reise seg» av Marie Takvam. Diktet handlar om å falle og reise seg att, og finne evne og kraft til å vera menneske i den verda som vi lever i. Høgdepunkt var også Jordals bidrag med songen «Veldig heldig mann» heilt på tampen av programmet. Her fekk Jordal med seg publikum på refrenget.

Godt hjelpa av ein strykekvartett frå TrondheimSolistene kunne Robert Pickup med sin klarinett framføre eit stykke frå «Dreams and prayers of Isaac the blind». Heilt til slutt runda TrondheimSolistene av ein flott og gjennomført konsert med Orawa av Wojciech Kilar.

Søndag er avslutningsdagen for Stangvikfestivalen, og rundar av med ønskekonsert i Bondehuset kl 12, og tradisjonell fotballturnering på Svisholmen kl 15.

 

Publisert: 29. juli 2018, 06:26