Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9110 artiklar i dette arkivet.


Barnehagen oppmodar: – Kom på kunstutstilling!

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Todalen barnehage skal ha Sommarkafè og opne utstilling i Skulstuå torsdag 31. mai kl 13.30. Dei inviterer alle til å kome og få ein kaffekopp – og til å sjå på noko av det barna har laga i løpet av året. Utstillinga held ope til kl 15.30. Alle er velkomne på utstilling!  


Startar slåtten mot sin vilje

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Ola Kvendset er i gang med slåtten – han er først ute i år, men det er mot sin vilje fortel han. – Må berre starte på no, for det er så tørt at graset minkar for kvar dag som går no. Lite regn, men mykje sol og høg temperatur gjør at den tørkesvake jorda på Kvennset no tek skade av tørken.


Slåttedugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.


Arboretet: – Vårsøgkonsert i sommarkvelden

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mai 2018

Vårsøghelga avslutta ei omfattande program med konserten med Engegardskvartetten i Svinviks arboret i går kveld. Det var bra med folk som møtte på konserten i arboretet, og dei kunne kose seg i sommarkvelden med både song og musikk. Programmet starta med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik […]


Todalshytta: Ny sesong i emning……

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mai 2018

I dag da vi passerte Todalshytta såg vi at det var full aktivitet med vindusvask, og da stoppa vi sjølvsagt og slo av ein prat. Det var drengen, Terje Kristiansen, som var i full gang med vindusvask på kjøkkenet. Terje røpa at han har vært på hytta sia 17. mai, og har pusla med vaktmestertjenester dei siste par vekene – og det var ikkje vanskeleg å sjå.


Else fikk Kleivaprisen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2018

Vårsøghelga er god i gang, og laurdag kveld var det Kleivakvelden som stod på det rikhaldige programmet. Ein av programpostane som det er knytt stor spenning til er utdeling av Kleivaprisen. I år var det politimester Ingar Bøen som hadde æren av å dele ut prisen, og jammen hadde komiteen funne ein verdig prismottakar!


Vi er opptekne av kulturarven vår

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2018

At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden


Hugs fotballkampen i dag!

Mari B. Redalen Laurdag 26. mai 2018

Kom på Bordholmen og se Todalen spelar mot Søya og Rindal i dag kl 14.00

Open kiosk.


Stavgang frå Todalsøra til Ansneset

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mai 2018

Torsdag var det Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansneset – som var arena for pensjonistlagets stavganggruppe.  Dei so kom bilande parkerte på Todalsøra og hadde Todalen brygge som samlingsplass, før turen gikk i samla tropp utover Nessahaugen og utover Ansnesstranda. På turen var det to lokalkjente guidar – Andes Halset og Gudmund Kvendset […]


Cruise-sesongen har begynt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mai 2018

Sjølv om dei kom landevegen kan ein neste seie at dagens besøk i Todalen var dei første cruice-gjestane i år. Det var Nordmøre Senioruniversitet som kom med ein busslast, og starta sitt program I Svinviks arboret og fortsette til Halsesamlinga i skulen, og runda av med litt Talgø-historie og ein kaffedråpe på Gammelfabrikken før dei drog vidare til Surnadal.


Inviterer til kulturvandring på Kvennset

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. mai 2018

Laurdag er det duka for siste etappe på kulturvandringa på Kvennset, og det er Todalen historielag som er arrangør, fortel John Moe som er leiar i historielaget. Kulturvandringa både startar og sluttar på Bordholmen, og her blir det kaffepause etter at kulturvandringa er fullført.


Putt ein tiger på tanken….

Jon Olav Ørsal Sundag 20. mai 2018

Putt ein tiger på tanken var slagordet til eit av oljeselskapa i gamle dagar. Det var nok ikkje så enkelt, men det var eit godt slagord som vart lagt merke til. I dag, på 1. pinsedag, var det fylling av drivstofftankane til HalsOil på Kvennset. Var det eit resultat av dårleg planlegging, eller?