Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så kom regnet – og flaumen

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. august 2018

Det er vel alle, utan unntak, som har ønska seg regn den siste tida.  Og regn det kom det da etter kvart og i rikt monn natt til i dag. Ein kontroll av vassmålaren ovafor Storfossen bekrefta at det har vore skikkeleg nedbør i natt.  Vassføringa som i sommar har lege på 1-5 m3/sek var plutseleg på 82,5 m3/sek ei lita stund mellom 3 og 4 i natt. Det er like oppunder verdiane for 5-årsflom, som NVE har sett til 85,6 m3/sek for Storfossen.

Fyrhushølen og Snekkarfossen i 11-tida etter at vassføringa var redusert frå 82,5 til rundt 50 m3/sek. Likevel er det mykje vatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok ein liten fotorunde i formiddag, og i 11-tida var vassføringa rundt 50 m3/sek på Storfossen og sia har det gått nedover og er kl 16 kome ned på 33 m3/sek – altså under halvparten.  Men likevel er det mykje vatn, og Storfossen er ein imponerande skue når den fraktar så mykje vatn.

Det dampa godt av Nauståfossen i føremiddag. På bildet er det rundt 9 m3/sek som set utfor fossen. Foto: Jon Olav Ørsal

Stor var også Nauståfossen på Kårvatn i morgontimane. Da vi tok bildet var det rundt 9,4 m3/sek. Men Nauståa var også på topp med vassføring frå midnatt og utover. Kl 1.00 var vassføringa på 19,35 m3/sek. Vidare utover natta har vassføringa variert ein del før nedgangen starta frå kl 6.00.

Måling av nedbør natt til i dag viser at natt til laurdag – frå kl 18 fredag til kl 08 laurdag morgon så kom det heile 43,7 mm nedbør midt i bygda. Muligens er det kome meir i fjellområda.

Vassføringa ved ramsøya – sett frå Hafallmelen i føremiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Ved Raudåhølen – ein einsleg fiskar prøver seg med snøre i den strie straumen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. august 2018, 17:52