Bra med laks i elva no
Det er egentlig bra med laks i elva, sjølv om det er lite laks som kjem på land, seier leiar i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. – Vi har i det siste lagt ned ein innsats for å sjekke korleis tilstandene er i elva, og det er overraskande kor mange laksar som står i hølane nedover elva. Det var sjølvsagt variasjon frå høl til høl men jamt over bra, seier Karlsen til Todalen.no.