Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beste treninga er den som blir gjort..

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Torsdag kveld samla fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen full sal i Sanitetshuset. Temaet var trening for «vaksne», og det var tydeleg at dette var eit emne som engasjerte mange, og leiar Maren Ansnes kunne ønskje rundt 40 deltakarar velkomne. Ingrid er ei travel dame som har heimetenesta i Surnadal kommune som arbeidsplass, og i tillegg driv ho med studier på halvtid der Klinisk helsevitenskap er faget med hovudvekt på smerte.  Torsdag heldt ho altså foredrag for eit lydhørt publikum i Sanitetshuset.

Trim, helse og trivsel har nøye samanheng, fortalte Ingrid og ho forklarte kva som skjer med kroppen vår når vi eldes. Ein av dei store utfordringane for både ung og gammel i dag er at vi er inaktive og brukar kroppen for lite. Det er spesielt viktig for eldre at vi prøvar å halde kroppen i form, og i foredraget sitt fortalte Ingrid korleis dette kan gjerast med enkle øvingar i kvardagen.

Derfor er det viktig at vi brukar kroppen vår kvar dag, og at vi gir kroppen ei moderat belastning i minst 30 minutt. Det treng slett ikkje være noko stort styr med lange og dryge treningsøkter, men kan godt være kvardagsaktivitetar der du gir kroppen ei moderat belastning. Det kan være ein rask spasertur eller arbeid i hagen og ein par turar opp og ned loftstrappa for eksempel – eller ein sykkeltur til butikken for den del. I dag er det berre 17 % som følgjer oppfordringa om 30 minutter aktivitet. Vi har alt for lett til å ta bilen når vi skal gjere eit ærende, fordi det er både raskare og meir lettvint. 

Ymse øvingar vart demonstrert, og deltakarane fikk prøve seg. Her demonstrerer Harald Myrås telemarknedslag for Anders Halset. Foto: Jon Olav Ørsal

Å halde seg i for gir mange fordelar for den enkelte. Det er eit kjent fenomen at god fysisk form gir god psykisk styrke, og at trening bremsar aldersrelatert forfall. Det er og eit kjent fenomen at folk som hels seg i form lever lenger.  Det er nok mange som har kroniske smerter som vegrar seg mot å trene, men trening har ofte god effekt på smerter, og du tek iallfall ikkje skade av det.  – Og som sagt så er det den treninga som blir gjort som har best effekt.

Ingrid fikk ein flott sanitetskopp for jobben – leiar Maren Ansnes takka for lærerikt foredrag. Foto: Jon Olav Ørsal

Godt loddsal ga godt finansielt grunnlag for arrangementet. Frå venstre Ingrid Pedersen, Kristine S. Ulvund og Ragnhild A. Moe. Foto Jon Olav Ørsal

.. og etterpå vart alle inviterte på sunn og god kveldsmat. Foto. Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi teke med nokre plansjar med enkle øvingar frå foredraget til Ingrid Kvendset Hagen – dette er øvingar som du kan gjera heime på kjøkkenet eller kvar som helst – så er det berre å sette i gang.  Hugs at beste treninga er den som blir gjort!

Reis deg opp frå stolen – gjenta øvinga fleire gong

Øving med høgt kneløft

Ta telemarknedslag ved kjøkkenbenken!

Opp på tå – gjenta øvinga fleire gong

Strekk beina ut til sida – vil du ha meir effekt så tek du øvinga med fjellsko!

Stå på ein fot og løft opp den andre – så er det berre å ta i.

 

 

 

Publisert: 24. august 2018, 07:34