Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idag er det klart for årets Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Søndag 2. september er det klart for årets Trollheimsmarsj. I år som i fjor startar Trollheimsmarsjen frå Leikvoll stadion på Ålvundeid, og går opp Børsetlia etter heistraseen og over fjellet til Todalen, der det er målgang på Bordholmen stadion.  Starten går frå leikvoll mellom kl 09.00 og kl 11, og det blir busstransport frå Bordholmen til Leikvoll både før start og etter målgang. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L.Ulvungen og Todalen I.L. 

Klar for start – påmelding utafor klubbhuset på Leikvoll stadion på Ålvundeid. Arkivfoto: Michal Heimlund

Dei to idrettslaga innstifta Trollheimsmarsjen i 2008 da både I.L. ulvungen og Todalen I.L. feira 100-årsjubileum. Sia har det vore tillyst Trollheimsmarsj kvart år, men marsjen har vore avlyst eit par gong på grunn av dårleg vêr.  Ein skal tross alt opp på 850 m.o.h. på fjellovergangen ved Vardan. Difor er det og viktig å ha godt med klær og mat på turen som tross alt er på rundt 13 km over fjellet, der ein treng rundt 5 timar i vanleg turtempo.

Deltakaravgifta er kr 100 for vaksne og kr 50 for born under 16 år.  På bordholmen er det høve til å dusje etter marsjen, og det blir sal av middag og kioskvarer. Påmeldinga gjer du på Leikvoll stadion ved start.  Nedafor har vi lagt ut plakaten der di kan finne meir informasjon og detaljar om Trollheimsmarsjen.

Først publisert: 24. august 2018, 00:10 - Sist oppdatert: 3. september 2018, 16:43