Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9168 artiklar i dette arkivet.


Surnadal Høyre og Surnadal Arbeiderparti sin manglande respekt for politiske vedtak

Elinor Bolme Fredag 21. juni 2019

På bakgrunn av gårsdagens kommunestyremøte har det vorte reaksjonar på forslag om samanslåing av barnehagane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter. Bjørn Gunnar Ansnes har i eit leserinnlegg nokre refleksjonar rundt dette. Todalen.no har lagt seg på ei linje utan lesarinnlegg, men gjer eit unntak for dette som også beskriv mykje positivt rundt busetjing som er på gang i Todalen for tida.


Stor deltaking og stor innsats på lagserieavslutninga.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. juni 2019

Det nærmar seg jonsok og ferietid med rolegare dagar, og derfor er det mange sommaravslutningar no om dagen. Torsdag kveld var det tid for sesongavslutning for lagseriestemna. Her var det stort oppmøte, heile 24 ungar og mange vaksne!


Tar ein trudelutt på gitaren i pausen

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2019

Terje Kristiansen er godt kjent i Toåa og har fiska laks her i mange år – i fjor var han dreng på Todalshytta og fekk skikk på rododendronhagen oppå der.  I dag trefte vi Terje ved hengebrua – oppdaga at det stod ein open gitarkasse ved bilen der.  Dermed vart det ein stopp for å […]


Med Nauståfossen som turmål

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2019

Torsdag denne veka var det Nauståfossen på Kårvatn som var turmål for stavganggruppas utflukt. Til saman vart det 25 deltakarar på turen som gikk frå parkeringsplassen ved Kårvatn og innover etter vegen til Myrvang og vidare inn på den merka stien til Nauståfossen – ein fin og lett tur på eit par kilometer som kan forserast i joggesko eller fjellsko.


Gunvor takker av og blir pensjonist…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

I dag køyrer Gunvor Fuglevåg si siste ordinære todalsrute med post til todalingane. Etter at tenesta er slutt i dag er Gunvor pensjonist og kan prioritere seg sjølv meir. Etter meir enn 40 år i Posten gler ho seg til å prioritere dagane på ein annan måte.


Spektakulær bruk av MøreRoyal på Vega

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

«Vegatrappa og Ravnfloget Via Ferrata åpner veien til himmels» er overskrifta i Brønnøysund avis, som omtalar opninga av det spektakulære anlegget på øya Vega utafor Brønnøysund. – Det som er spesielt er at trappa er 500 meter lang, og har rundt 2000 trinn. Og at den er bygd i tre – MøreRoyal frå Talgø MøreTre. […]


MOT Surnadal vil nyte godt av Ræta Opp i år

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juni 2019

Laurdag 29. juni er Ræta Opp ein del av Todalsdagen 2019. Ræta opp er kjent for å ha ein sosial profil, der startkontingenten går til ei god sak eller eit samfunnsnyttig prosjekt. I år er det Mot Surnadal som får nyte godt av Ræta Opp-løparane sitt bidrag, og vi håper at ekstra mange vil bli med på løpet i år. Fagerli-Brothers kjem ikkje og blir med i år, men dei helsar til Todalsdagen og til Ræta Opp, fortel Ingvild Kårvatn og Knut Bergli i Todalsdagen.



Torsdag 20 juni: Stavgangtur til Kårvatn og Nauståfossen

Sverre Kjølstad Måndag 17. juni 2019

Denne gangen samles vi ved Kårvatn for å gå til Nauståfossen. Da går vi over broen foran
Kårvatn Fjellutstyr og følger veien fram til småbruket Myrvang, og videre etter veien / stien
fram til Nauståfossen.


Superlotteri – trekning på Todalsdagen 29. juni

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2019

Todalen ILs fotbalgrupper minner om Superlotteriet dei har på gang i samband med Todalsdagen. Dei byr på fine gevinstar, der ei hagemøbelgruppe frå Talgø er hovudgevinsten – verdi 9990,-  I dag har det vore loddsal, og neste laurdag (22. juni) blir det loddsal på Matkroken – i tillegg til loddsal under Todalsdagen den 29. juni. […]


Landa første laksen etter ein halvtime

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2019

Ved midnatt gikk startskotet for laksefisket i Toåa. Ein halvtimes tid gikk det før Ole Martin Øyen landa den første laksen – eit flott eksemplar på rundt 7 kg. Dette lover godt for årets sesong som er spådd å bli ein sesong med mykje stor laks.


Pensjonistlaget: Inviterer til medlemsmøte

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2019

Tirsdag 18. juni kl 15 inviterer Surnadal pensjonistlag til medlemsmøte i kantina på Surnadal sjukeheim.  Elever fra kulturskolen kommer for å underholde. Som vanlig blir det servering og loddsalg.  Vel møtt!