Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar friskt på gourmetmat i ny restaurant

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2019

Heile det siste året har fjøset vore fullt av snikkarar, og det har skjedd store endringar med bygninga som husa eit av dei første lausdriftsbesetningane på «indre».  For ein månads tid sia var det klart for å ta i mot dei første spisegjestane, og Kristina og Tore Svinvik kunne ta i bruk restauranten som skal bli ein del av deira livsverk.

Dei starta imidlertid for eit år sia i leigde lokaler hos Slettneset steinomnsbakeri, medan fjøset vart bygd om og restaurert. Det første «prøveåret» har det vore god respons, og det bekrefta vel eigentleg at ideen og konseptet var bra. Den nye restauranten drives ikkje med faste opningstider og fast meny, men fungerer meir som ein selskapsarrangør, der meny og opplegg avtales med kundane og menye blir basert på tilgangen på råvarer.

Det mesteparten av råvarene produseres nemleg lokalt, og er kortreiste i ordets rette forstand. Rømme og yoghurt kjem frå Todalen meieri og sjøkreps frå Todalsfjorden er fanga i teiner i Todalsfjorden. Slik er det med alle råvarer – dei er kjøpt lokalt med avtale med lokale leverandørar. Det blir ikkje akkurat enklare på den måten, men det blir meir eksklusivt og vi sikrar oss råvarer av beste kvalitet, seier Kristina, som er ubestridt sjef på kjøkenet i den nye restauranten.

Eit godt team som får gjestane til å trivast – frå venstre Tore Svinvik, Eline Børmark, Kristina Svinvik og Ane Nordvik. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Vi stakk innom ein dag for å sjå og høre, og vart imponert over det som Kristina og Tore hadde å vise fram. Svinvik Gard har ei historie attende til 1600-talet, og kanskje enda lenger, så her er det mykje å fortelje om og vise fram  – i tillegg til å servere god mat.  For menyen er også lenger enn lang, og du treng fleire timar for å kome gjennom alle rettane.  Denne kvelden var dei ni rettar på menyen.

Når gjestane kom til gards, vart dei tekne i mot på gardsplassen. Sjølvsagt vart det servert ein velkomstdrink og vidare utover kvelden gikk det slag i slag med både forrettar, kvilerettar, hovudrett og dessertar. Kvar rett fikk sin eigen presentasjon om kvar råstoff var henta frå og korleis den var laga og kanskje ei og anna gode historia som høyrde til.  Heile kvelden var gjestane i fokus, og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei trivdes.

Tore hadde også gode historier på lur! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Heilt utruleg var det også å sjå kor mykje arbeid det var å lage til all maten som skulle serverast, og jammen la Kristina mykje sjel i arbeidet med å pynte rettane før Tore, Eline og Ane sørga for servering.  No når du les dette så har mannskapet på Svinvik Gard teke seg ein velfortent ferie etter ein hektisk innkjøringsperiode. Men snart er dei attende for å starte på eit travelt haustprogram, og har alt no starta på notering av bestillingar utover hausten.

Bildeglimt frå Svinvik Gard – alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juli 2019, 11:03