Media si rolle i krisetid – meir aktuell enn nokon gong
Det starta med ein e-post og eit innskanna avisutkløpp frå avisa Norsk Tidend nr 2/2020. – Og dette var jammen god lesnad – det var nemleg nyvalt leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, som hadde skrive om medias rolle i krisetid. Det må være topp aktuelt stoff no, når alle kriseteam i kommunane skal ut med info til sine bebuarar og bruker lokale media til å nå ut. Problemet er berre at de fleste lokale media har permittert deler av mannskapet på grunn av reduserte annonseinntekter og dermed dårleg økonomi. Dei går på sparebluss! Spesielt interessant lesnad vart denne artikkelen på grunn av at den omtalar krisa i Todalen i 2013 – krisa da raset tok vegen og kraftlina inn til Todalen – og bygda vart isolert. Da vart det gjort ei viktig erfaring.