Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Media si rolle i krisetid – meir aktuell enn nokon gong

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. april 2020

Det starta med ein e-post og eit innskanna avisutkløpp frå avisa Norsk Tidend nr 2/2020.  – Og dette var jammen god lesnad – det var nemleg nyvalt leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, som hadde skrive om medias rolle i krisetid. Det må være topp aktuelt stoff no, når alle kriseteam i kommunane skal ut med info til sine bebuarar og bruker lokale media til å nå ut.  Problemet er berre at de fleste lokale media har permittert deler av mannskapet på grunn av reduserte annonseinntekter og dermed dårleg økonomi. Dei går på sparebluss! Spesielt interessant lesnad vart denne artikkelen på grunn av at den omtalar krisa i Todalen i 2013 – krisa da raset tok vegen og kraftlina inn til Todalen – og bygda vart isolert.  Da vart det gjort ei viktig erfaring.

Inger Johanne Ruset var den gongen vikar i NRKs redaksjon, og hadde dagleg kontakt med Eirik Haukenes som var stasjonert i Todalen den veka, og hadde god kontakt med oss i Todalen.no som også var ei viktig (og lokal) nyheitskjelde og informasjonskanal. Vi tok ein telefon til Inger Johanne Ruset og fekk lov til å bruke artikkelen ho hadde i marsnummeret av Norsk Tidend – med godkjenning frå Kringkastingsringen. 

Media si rolle i krisetid

Av Inger Johanne Ruset

Sommaren 2013 hadde eg mitt første vikariat i NRK Møre og Romsdal, og var temmeleg fersk i rolla som deskarbeidar. Eg hadde vel ei slags forståing av media sitt ansvar for å informere om hendingar i samfunnet, men det var ikkje før ut på seinsommaren at eg verkeleg forstod at ansvaret også gjaldt beredskap.  

Det var i grunnen ei typisk vestlandssak; eit stort ras hadde gått over ein veg. Dette raset hadde ført til at ei heil bygd, Todalen på Nordmøre, mista den einaste vegen til omverda.  I tillegg mista dei 350 innbyggjarane straumen, noko som gjekk direkte utover helsetilbodet. Fleire av bøndene frykta også for dyra sine.

På kort tid fekk ein nordmørsk reporter frå NRK teke seg inn til bygda med båt. Han hadde med eit lite aggregat og rigga seg til på ei campinghytte. Frå morgon til kveld i dagevis rapporterte han inn siste nytt til kringkastinga, slik at også innbyggjarane kunne få høyre om utviklinga gjennom batteriradioane sine. NRK-reporteren i Todalen blei dermed ein del av beredskapen på staden. Det er ikkje for ingenting at ein batteridriven DAB-radio er på den korte lista av ting Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap meiner alle hushald bør ha til ei kvar tid.

Raset i Todalen og den lokale krisa det medførte, er sjølvsagt noko ganske anna enn den globale krisa som koronaviruset har ført oss alle inn i. Men ei krise er ei krise, anten det gjeld for alle eller det gjeld for få. Informasjonsbehovet er umetteleg frå krisa inntreff, ikkje berre for sensasjonslysta sin del, men fordi det har praktisk verdi for alle involverte.

I dagens verd kan dei fleste ta på seg rolla som nyheitsformidlarar i krisetid. Dei vippar berre opp mobilkameraet og kjem med sine observasjonar og innspel i sosiale medium. Det har vi sett mange og gode eksempel på i til dømes krigsområde som akkrediterte journalistar har mista tilgangen til. Det er likefullt ein fare med det. Falske nyheiter florerer, og det kan vere vanskeleg sjølv for dei med gode intensjonar å skaffe seg eit overblikk. Dei profesjonelle mediehusa har, og vil framleis ha, ei viktig rolle i å filtrere informasjonen som går ut til allmenta. Likeeins er lokaljournalistane enormt viktige med sin lokale kompetanse og raske nærvær. I Todalen var til dømes også nettavisa Todalen.no ei viktig kjelde til informasjon – både for innbyggjarane og andre media. 

Dette er ikkje tida for nedskjeringar i distriktsredaksjonane. Krisa er ikkje over enno.»

Publisert: 4. april 2020, 13:30