Forsiktig og gradvis reopning av samfunnet
14 04 2020 Statusrapport frå kriseleiinga. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune.
Mange barn er no spente og glade for å kunne komme i barnehagen og på skulen sin igjen. Kommunalsjef i oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, fortel om omfattande planlegging og logistikk for å få dette til på ein god og trygg måte i heile kommunen. Torsdag 16. april kjem det ut ein nasjonal veiledar som skal bidra til å kvalitetssikre både konkrete smitteverntiltak og opplæring under den gradvise reopninga.