Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei spesiell feiring, men skikkeleg rekorddeltaking i biltoget

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2020

Både i Todalen og andre plassar har programmet vore prega av koronakrisa, og det meste av programmet har vore avlyst – slik som gudstenesta i kyrkja, folketoget og den tradisjonelle feiringa med tale for dagen i skulen. Men biltog har vore gjennomført etter tradisjonelt mønster og fikk rekordoppslutning med over hundre bilar.

Årets program starta på plassen mellom Talgø-fabrikken og Matkrokens butikk på Kvennset. Eit skikkeleg fyrverkeri markerte starten på feiringa presis kl 11, og fortsette med flaggheising og hornmusikk frå 17.-korpset som framleis held liv i tradisjonen med korpsmusikk på nasjonaldagen.

Flaggheising på Matkroken – nærast er Oda Halle. Foto: Jon Olav Ørsal

Deretter var det klart for å starte biltoget, som var rekordstort i år, med overhundre kjøretøy som deltok. Det er bortimot ei dobling av deltakartalet sia i fjor.  Vi har kanskje ikkje det største biltoget i Todalen, men vi har desidert det eldste, påstår Terje Nordvik. Det er nemleg tradisjonar heilt attende til 1950-talet  for biltog i Todalen. Den spede start skjedde da Edvart Nordvik stilte med eit av dei første «Støvbretta» – ein gammal Austin og han fekk med ein nyinnkjøpt Ferguson Gråtass traktor på Husby. – Ungane var samla bakpå platten og tilhengaren, og så bar det rundt bygda med det som seinare har vorte til eit langt biltog. Den gongen vart det kalla for skrommeltog.

Biltoget var uendeleg langt – godt over hundre bilar deltok – her går det i kolonne gjennom Brusetmarka, med russebilane i teten. her ser vi ca 1/3 av toget i eitt bilete! Foto: Jon Olav Ørsal

Langs ruta til rundt bygda og oppover til Gammelfabrikken var det møtt opp finpynta folk som deltok i feiringa av nasjonaldagen – enda fleire hadde pynta og sett opp blomsterdekorasjonar og bjørkelauv med flagg, som var med og sette eit høgtideleg preg på dagen. Artig var det også at russen kom med i biltoget– spesielt i år som det meste av russefeiringa har vore avlyst. Dei stilte med 3 bilar som fekk danne  teten på biltoget og var godt synleg.  

Nedafor har vi laga bildegalleri – der både Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal har vore ute med kamera.  

Publisert: 17. mai 2020, 13:27