Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.


Hausttur til Igltjønna for stavganggruppa

Jon Olav Ørsal Måndag 13. september 2021

Torsdag 16. september inviterer Surnadal pensjonistlag, stavangsgruppa til tur til Igltjønna i Rindal.  Rundt Igltjønna er det eit fantastisk flott friluftsanlegg det det ligg til rettes for fleire typar aktivitetar.  Her kan du gjera fleire val – mellom anna ein tur etter stien rundt Igltjønna. Elevar frå Surnadal vidaregåande skole vil også bli med på turen.  […]


Presenterte nye konfirmantar for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 12. september 2021

Det er ikkje så mange vekene sia vi hadde konfirmasjonsgudsteneste for årets konfirmantar, men i dag fikk vi helse på neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Cathrine Grutle som heldt dagens gudsteneste og som skal vikariere i Todalskyrkja iallfal til nyttårs og kanskje fram til sumaren 2022. 


Kløvertur til Hjellnessetrene, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. september til Hjellnessetra. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Kvalifiserte seg for VM og Thailandtur under Molde 7 topper

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. september 2021

Kristoffer Nordvik sikra seg 3-plassen og dermed blir det nok kvalifisering til VM-deltaking i Thailand i november.  Etter kanonsterkt løp under Molde 7 topper Ultra der han laåg på 2.-og 3- plass gjennom heile løpet vart det ved målgang på området ved Romsdalsmuseet til slutt ein 3.-plass.


Torsdag startar haustsalet på Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. september 2021

Torsdag morgon brakar årets store haustsalg i gang på Låvå på Kårvatn.  I ein e-post fortel Gudmund at «vii har rydda plass til nyheiter for vinteren, og da blir det frøktele mykje fint til gode prisar. 


Talgø MøreTre vart Miljøfyrtårn

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. september 2021

Etter fleire år med måretta arbeid vart endeleg Talgø MøreTre endeleg tilselt sertifikatet som viser at bedrifta har passert den milepælen det er å bli Miljøfyrtårn.  Ei gruppe på Møretre har jobba spesielt med dette som mål og onsdag var det til for å feire saman med ordførar Margrete Svinvik og miljøvernkonsulent Bodil Gjeldnes som troppa opp med ordførarkjede og med romkake til kaffen etter utdelinga av sertifikatet.


«Friluftslivets uke» i Surnadal blir på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2021

4.-12. september blir «Friluftslivets uke» markert med arrangement over heile landet. I Surnadal inviterer Todalen idrettslag i samarbeid med kommunen til friluftstreff for store og små ved gapahuken på Tjønnmyran onsdag 8. september kl. 18.00. Det er meldt dårleg vêr, men det blir arrangement uansett, så ta med regntette klede og vanntette sko/støvlar.  


Daud elg i ekkerkanten

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2021

Under slåttaarbeid på Reitan vart det funne ein daud elg i ekkerkanten.  Det ser ut til å være eit ungt dyr som har har sjølvdauda ganske nyleg, og elgen ser ikkje ut til å være skadd på nokon måte.


Kløvertur i Toåa tursti og til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. september 2021

Dagens kløvertur var den 4. denne haustsesongen, og alle fire turane har gått i godt ver sjølv om det har vore utruleg mange regnversdagar denne perioden. Heldige med veret så langt altså!


Kvenndalstur for stavgangruppa

Jon Olav Ørsal Måndag 6. september 2021

Torsdag 9. september er det tur til kvenndalen som står på programmet for stavganggruppa i Surnadak Pnesjonistlag. Det er oppmøte attmed bommen ved Kvennbø for samkjøring derifrå.  Oppmøte til vanleg tid kl 11:00, melder stavganggruppa.   


Kløvertur til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. september til Tjønnmyran. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Triveleg å treffast til Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 4. september 2021

Laurdag ettermiddag kunne Todalen sanitetsforening endeleg invitere til strikkekaffe i Sanitetshuset. På grunn av koronarestriksjonar har det vore eit langt opphald for strikkekaffien; forrige samling var 7. mars 2020, altså ein pause på nesten 1 ½ år.