Det er nok mange som har venta lenge på boka om revy- og teatermiljøet i Surnadal. Det var prata om å lage bok til 40-årsjubileet først på 2000-talet, men det har i allfall vorte utsett til no av ymse årsaker. Sist vart det Covid 19-situasjonen som gjorde at det tok tid før ein kom i gang, fortalete Øyvind Holte på ein pressekonferanse med deltakarane i bokprosjektet.
Øyvind Holte er sjølvsagt sentral i eit slik bokprosjekt, som har vore med heile den 50 år lange perioden med revy- og teateroppsetjingar. Minst like sentral er nok Styrkår Brørs, som heile perioden har vore med som revyforfattar. Styrkår Brørs var nok den sjølvskrivne forfattar av ei slik bok etter som han og har vore med sia starten.