Senioruniversitetet gjesta Talgø på Gammelfabrikken
Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen. Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen. Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.