Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Våryre sprell med 6.-klassingane som tilskuarar

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mai 2022

Måndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret.  Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs. 

Det var stas å være med på kuslepp i Halagrenda for 6.-klassingane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Her saman med Jan Nordvik, Olav Halle og kontaktlærar Liv Pauline Bele. Foto Jon Olav Ørsal

Olav Halle, som var verstskap for seansen fortalte at det var mykje meir styr med kuslepp før, når dei hadde stått på bås i gamle fjøs med dårleg belysning.  Da var nok sjokket enda større og kondisjonen mykje dårlegare.  Han fortalte også at når kyrne går i lausdrift, så er rangordninga alt på plass og dermed blir lite kamp om posisjonane.  

Elevane tykte dette var fin avveksling til den vanlege skuledagen, og stas var det også når dei fyrte opp grillen for å servere grillpølser til heile gjengen etterpå.  Det kan vel faktisk være nyttig å lære litt om matproduksjonen i nærmiljøet – vi har vel den siste tida fått ei påminning om at vi har berre 35% sjølvforsyning, og dermed må impirtere 65% av maten vår. 

Kårkona Åshild hadde god kontakt, sjølv om dei treft kvarane utandørs. Foto Jon Olav Ørsal

Kainn e du slags kar? 42 kyr vart sleppt ut i friluft – totalt er det 101 dyr i Austistua. Foto Jon Olav Ørsal

Tilskuarar på trygg avstand – 6 klasse saman med Olav, Trygve og Jan som var vertskap. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. mai 2022, 11:34