Basar i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.
Vi fann 9208 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 17. og tysdag 18. oktober. Det er mange ledige timar båe dagane.
I dag startar tradisjonelt haustsal ved butikken på Kårvatn – det skjer for å frigjere plass til nyheiter som er på veg inn. No skal lagret og butikken ryddast, og det er særdeles mange godbitar til sterkt reduserte prisar! Mykje klede, sko, turutstyr, skiutstyr…. Vi opnar haustaget i butikken i morgon!! – Men utvalet finn du også […]
Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.
På garden Jostua Bele i Bæverfjorden har Solveig Haglund og Helga Bele eit unikt tilbod til personar som har demenssjukkdom. På møtet i Todalen sanitets forening tysdag kveld orienterte dei to engasjerte og positive kvinnene om prosjektet Inn på tunet.
Tysdag 4. oktober er det altså balldag igjen på Todalshytta. Arve Evensen fortel at det har vore ein travel haust og stor aktivitet på Todalshytta, sjølv om sesongslutt forlengst er passert. Tysdag er det imidlertid duka for ny balldag, og som vanleg er det fritt val om du vil ha potetball med tilbehør, eller kanskje du likar betre sildball med stekt bacon – valet er ditt, seier Arve.
Fjord 1 melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Rykkjem til Kvanne klokka 11.45 måndag føremiddag. Dette på grunn av transport av farleg last. På denne avgangen er det kun tillatt opp til 12 passasjerar.
Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen. Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 3. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!
Laurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta. Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga. Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar. Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.
35 pensjonister og 12 elever fra Surnadal videregående skole la ut på tur til Bøkeskogen i dag. Været viste seg fra sin beste side med lettskyet oppholdsvær, og etter hvert dukket en disig sol opp. Bøkeskogen har etter hvert blitt ca. 135 år. En antar at den var plantet rundt 1887. Sannsynligvis var det presten Just Bing Ebbesen som var ansvarlig for plantingen. Han var prest i Stangvik sokn i tidsrommet 1884 – 1891. Det var den siste prestegjerningen han utførte, for han sluttet i 1891, og gjekk over til postverket med stilling som postmester i Tønsberg
Interessant og nyttig tryggheitstreff i Sanitetshuset onsdag med fokus på trygg kvardag for eldre. Her var det mange gode råd og tips å få!