Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fornyar avtalen om støtte til nærbutikkane – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. oktober 2022

Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen.  Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media. 

Surnadal kommune har plassert ut ein infoskjerm i kaffekroken ved Matkroken Todalen. Den formidlar nytt frå kommunen i tillegg til nytt frå lokale media. Foto Jon Olav Ørsal

Forslaget gikk ut på at butikkane i Bøfjorden og i Todalen skulle få kr 30.000 kvar, medan Matkroken i Bæverfjorden skulle få 15.000. Årsaka til at det er forskjell er at butikkane i Bøfjorden og Todalen har kaffekrok for kundane i butikken.  

Men det gikk ikkje slik!
Bernt Venås tykte dette var i minste laget, så han kom med forslag om å justere opp støtta til nærbutikkane, som har ein så viktig funksjon både med tanke på service og ikkje minst som treffpunkt i utkantane.  Hans forslag var i gi 35.000 til butikkane med kaffekrok og 20.000 uten kaffekrok – tilsaman 90.000 kroner.  Dette vart einstemmig vedteke på formannskapsmøtet. 

Først publisert: 2. oktober 2022, 16:29 - Sist oppdatert: 7. oktober 2022, 18:23