Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8883 artiklar i dette arkivet.



Todalshytta: Minner om balldag på tysdag

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mars 2022

Sist tysdag vart balldagen kansellert på grunn av sjukdom – no kjem «ballgjengen» på Todalshytta att med ny balldag tysdag 8. mars, på sjølvaste kvinnedagen.  – Som før kan du velge om du vil ha potetball eller sildball.  Servering frå kl 15 og utover – gjerne bestilling på telefon 929  97 550.  


Gode minner frå 80-talet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2022

Frå Odd Arild Sande har vi fått eit artig avisutklipp frå 80-talet, da han akkurat hadde starta si yrkeskarriere som lærar ved Singsaker skule i Trondheim. Avisutklippet fortel om den gongen dei leigde Todalshytta til leirskule og korleis dei opplevde det.  Da dei hadde jubileumssamlig 10 år seinare var det akkurat Todalsturen som elevane hugsa best frå skuletida.  Bla om og les meir….


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?


Saniteten: – Alle strikka for Ukraina

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mars 2022

Laurdag var det ny strikkekaffe i Sanitetshuset.  Det vart ein litt spesiell strikkekaffe denne gongen, for no strikka vi på oppfordring til flyktningar frå Ukraina som sannsynleg vis er like rundt hjørnet.  Da er det huver, vottar, lestar og skjerf som står på programmet, fortel Åse Redalen i Todalen Sanitetsforening til Todalen.no



Røde Kors: Gi så det svir

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

Røde Kors mobiliserer no for Ukraina saman med Coop.  Det hastar med å kome i gang med hjelp til Ukraina – først og fremst er det pengar det er behov for, og Røde Kors har difor starta innsamlingsaksjon i lag med Coop.  For å få det til å gå fort har Coop gjeve 10 millionar til denne aksjonen, og i tillegg har dei mobilisert butikkane til innsamlingsaksjon i butikkane.


Sparebank1 Nordmøre: Stor interesse for næringslivsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

No er det 2 år sia det sist var arrangert næringslivsdag i bankens regi, og årets arrangement er nummer 18 i rekkja. I fjor vart det ikkje noko arrangement på grunn av pandemien, men i år blir det – og årets arrangement er etterlengta, fortel Liv Dalsegg og Ole Magnus Løwe hos Sparebank1 Nordmøre i Surnadal.



Haukåbrua – snart klart for støyping

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2022

Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde.  Det er  Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet.  Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. mars 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem tysdag 15. og onsdag 16. mars. Det er mange ledige timar båe dagane.


Kyrkja i solidaritet

Tekst og foto: Bernt Bøe Måndag 28. februar 2022

I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag. Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande.