Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hamna i grøfta med fullt lass

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2022

I dag tidleg vart vegen i Hauann litt for smal, da to semitraller møttes på Nordvik.  Den eine med fullt lass med element frå Talgø Bygg og den andre på tur innover i same ærend.  Dermed bar det i grøfta med den eine bilen, men begge  bilane hadde liten fart og verken bilar eller mannskap kom til skade. 

Bjørn Arne Østbø frå Nordmøre Bilberging var raskt på pletten og hjelpte semitraileren opp på vegen igjen. Foto Jon Olav Ørsal

Men bilen som hamna i grøfta måtte ha bistand for å kome seg på vegen igjen, og dermed vart det eit oppdrag for Nordmøre Bilberging.  Med bergingsbil vart det ein lett match, og bilen i grøfta kom raskt på vegen igjen og var klar for å fortsette turen til Trondheim med uskadd bil og last – men sjølvsagt litt forsenka.  

Publisert: 24. oktober 2022, 10:47