Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i sol – Kvennset og Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. oktober 2022

Kløverturen på FN-dagen, altså 24. oktober, gjekk frå Sjøledet og utover til Haltbakkan. Sola var lenge gøymt bak eit skoddehav, men etter kvart «brann skodda opp» og kløverturgjengen fekk nyte sola. 

På tur utover vegen mot Haltbakkan. Foto: Marit Sanden Søyset.

Skodde utover fjorden. Foto: Dordi J H

Sola vermde godt ved Haltbakkhavet, og det vart ein lang og triveleg kaffepause nede ved fjøra.

I Bygdeboka for Surnadal, band 3 kan ein lese: «Haltbakkan ligg ved Todalsfjorden på andre sida av Bjønndullu, og det kan vere lett å gløyme at også denne grenda høyrer til under Søyset.» Det er fire heimar i denne grenda, som altså ikkje er ein del av Nordvikstranda.

Skodde innover fjorden. Sulå over skodda. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 17. oktober var det kløvertur på Kvennset og Todalshaugen. Sola skein da og, og turen starta frå Halsbua og utover til Småbåthavna. Deretter gjekk turen oppover skogsvegen langs Rossåa på Todalshaugsida.

Bygdanausta. Til venstre settefiskanlegget. Foto: Marit Sanden Søyset.

Vi er heldige som har så varierte og fine turområde i nærområdet vårt!

Nettene er kalde, jul og vinter nærmar seg, men det blir kløverturar nokre gonger til før det blir vinterpause.

I Småbåthavna. Todalsøra i bakgrunnen. Ute på tur er: Jean, Jorunn H, Jorunn Ø, Arndis, Helen, Åse Johanne, Synnøve, Eli Marie, Helga, Karen Johanne. Foto: Marit Sanden Søyset.

Her går turen etter skogsveg på Todalshaugsida av Rossåa. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ute på tur på FN-dagen: Dordi, Helga, Anne Helene, Jorunn, Eli Marie, Synnøve, Liv Jorunn, Åse Johanne, Arndis, Helen, Dordi Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kaffepause ute i Haltbakkan. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

 

 

Publisert: 24. oktober 2022, 22:36