Kløvertur på måndag
Måndag 4. mars klokka 11:00 inviterer Todalen sanitetsforenig til ny kløvertur. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.
Måndag 4. mars klokka 11:00 inviterer Todalen sanitetsforenig til ny kløvertur. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Da Gro Torvik var ute og luftet hunden fann ho ein stol. Det skjedde ved elvekanten på Brusetsida, eit par hundre meter ovafor Brusetbrua. Stolen er litt prega av at den er transportert med vinden, og manglar både setepute og ryggpute. Dersom det er stolen din kan du ta kontakt med Gro Torvik som bur […]
Kvifor ikkje? – Når konfirmantane skal lære om salmeboka, kan vi jo ha open songkveld i kyrkja! Slik tenkjer konfirmantprest Torbjørn Brøske, organist Bernt Bøe og Stangvik sokneråd. Når i tillegg Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld, blir det retteleg salmesus i Stangvik-kyrkja onsdag 6. mars kl 19:30.
Dei siste dagane har det kome ein del stein ned i vegbanen nær toppen av Falla på Dalavegen. Kjell Gunnar Polden har, så langt fått fjerna desse med traktor, etter kvart som dei har kome ned. Men det er mykje stein oppover skråninga, både små og store, som ganske sikkert vil rase ned ganske snart. Så i dag fekk Kjell Gunnar med seg Per E. Gjeldnes med gravemaskin for få laga ei grøft mellom vegen og skråninga, i håp om å få, i alle fall dei minste steinane til å stoppe i grøfta.
Todalen sanitetsforening minner om medlemsmøtet tysdag 5. mars kl 18:30 – det skjer i Sanitetshuset på Kvennset, der alle er velkomne !
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, er etter TV-aksjonen, den største innsamlingsaksjonen i Norge. Akkurat no gjer kyrkjelydane over heile landet seg klare til å gjere ein innsats for å gje håp til mange som treng det, i ei verd som er sterkt prega av nød og liding.
Torsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.