Kløvertur på Kvennset
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Elinor Bolme fanga ein nydeleg Todalsmorgon i februar, og stikk velfortjent av med tittelen månadens bilete. Vi gratulerer!
Svorka har behov for heile 10 nye medarbeidarar. – Det er 10 nye stolar som treng nokon til å fylle dei. Kanskje er den stolen du har litt vond? Kanskje er du berre litt lei av den? kanskje har du sølt kaffe i den eller kanskje har du berre lyst til å prøve ein ny stol? Og tenk om vi har drømmestolen din her hos oss? Dette seier Svorka i utlysinga av dei 10 stillingane frå dei søker folk til!
Fredag morgon med glinsande sol frå blå himmel – få på deg godt med klær og kom deg ut i finvêret! Todalen Idrettslag har sørga for at det er køyrt på spor – både fotspor og skispor i Toåa Tursti – her kan du registrere både TIL-trim og StikkUT vinter. I tillegg er det nye fine skispor i lysløypa på Tjønnmyran, melder TIL.
Tysdag 28. mars kjem årets konfirmantar og andre frivillige bøsseberarar frå sokna i Surnadal rundt til heimane for å samle inn pengar til Fasteaksjonen 2023. I Todalen er det Todalen sokneråd som organiserer Fasteaksjonen.
Onsdag 15. mars klokka 17:30 inviterer Surnadal bibliotek, som er medlem av Litteraturhus i Møre og Romsdal, spesielt barn i alderen fire til åtte år, til eit møte med det mest fantastiske frå dyreverda i kionosalen på Surnadal kulturhus.
Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april klokka 19:00 til «viltkveld» med Rolv Langvatn i Todalen ungdomshus. Langevatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».
Torsdag 9. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plastavfall og matavfall, for mars og april 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for mai og juni, vil bli lagt inn i starten av mai månad.
Todalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. No er den fullstendige saklista klar, og den kan du sjå nedanfor. Saksdokumenta til årsmøtet vil bli tilgjengeleg her på Todalen.no frå og med klokka 19:00 årsmøtedagen.
Kandidatane for månadens bilete i februar har ikkje ein drope nedbør eller eit snev av anna uvêr. Det er på tide å rette på solbrillene og klikke seg inn for å bidra til kåringa av februar-biletet!