Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2023

Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.


Bli med Stangvik historielag og Todalen historielag på busstur til Bud

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mars 2023

Stangvik historielag og Todalen historielag har no i fleire år hatt samarbeid om å arrangere busstur til ein eller annan plass der dei kan sjå og høyre om lokal historie. I fjor gjekk turen til Rindal der hovud- posten var besøk på ski museet.


Årsmøte i Todalen historielag – stor takk til Wenche!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. mars 2023

Wenche Kvendset har vore med i styret til Todalen historielag sidan starten i 2002. Ho har vore skrivar og vore med i skriftstyret i alle år. På årsmøtet i Ungdomshuset 28. mars fekk ho stor og velfortent takk for innsatsen frå leiar John Moe.


Inviterer til «Påskepub» i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mars 2023

Laurdag 1. april gjentek Stangvik Grendalag suksessen og inviterer til «Påskepub» i Bryå i første etasje i Bondehuset klokka 18:00, og dette er absolutt ingen aprilspøk! 


Tilskotsordningar i Surnadal kommune 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mars 2023

Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskottsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, og søknadsfristane for desse. Dei ber også om å få forslag på kandidatar til «Kleivaprisen», som blir delt ut under «Kleivakvelden» på Kleiva i samband med Vårsøghelga. 


Toril Redalen tildelt statens kunstnarstipend for ti år

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mars 2023

Keramikar Toril Redalen frå Austigarden på Kvennset er tildelt stipend for etablerte kunstnarar. Stipendet er tiårig og blir delt ut til yrkesaktive kunstnarar som i hovudsak bor og har sitt virke i Norge, og som gjennom år har hatt verksemd og som har ytt ein kvalitets messig verdifull kunstnarisk innsats. 


Kløvertur i sol og godver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mars 2023

Siste måndagen i mars vart det endeleg kløvertur i sol og godver! Riktig så godt! Men skarp og kald luft! Så den vesle nysnøen som kom sist natt, tina ikkje bort anna enn på asfalten.


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, innkomne forslag og val. 


Fullstendig sakliste til årsmøtet klar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Tysdag 28. mars er det årsmøte i Todalen historielag klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste klar, og den kan du lese nedanfor. 


Påskebakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Fredag 31. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til påskebakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen i påska. 


Bli med på siste trim før påske i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Torsdag 31. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Konfirmantane ber med seg håp

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane og frivillige i Surnadal og Rindal seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Tysdag 28. mars gjennomfører kyrkjelydane i Surnadal og Rindal bøsseaksjon frå klokka 17.00. Konfirmantar og frivillige samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nauda er størst. I Todalen er det konfirmantane, saman med soknerådet som står for innsamlinga. Husk difor å ha kontantar eller Vipps! klar til dei kjem!


Lærte å pode frukttre i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mars 2023

Søndag var det podekurs i Svinviks arboret – 13 deltakarar fra regionnen stilte opp for å lære seg å pode frukttre.  Det var både epletre, plommetre og kirsebærtre til rådighet, og mange av de som deltok på kurset fikk med seg et par ferdigpoda fruktre heim etter kurset.