Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Stangvik historielag og Todalen historielag på busstur til Bud

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mars 2023

Stangvik historielag og Todalen historielag har no i fleire år hatt samarbeid om å arrangere busstur til ein eller annan plass der dei kan sjå og høyre om lokal historie. I fjor gjekk turen til Rindal der hovud-posten var besøk på ski museet.

Årets tur går føre seg laurdag 8. juli, der målet blir Bud i Romsdalen, med omvising på kystfortet, der guiden og vil gje ei litt  ekstra «Bud-historie». Tidspunkt for avreise, samt pris pr. person er enda ikkje heilt avklara, men historielaga antydar at bussen vil starte frå Matkroken Todalen rundt klokka 08:00 om morgonen. og vidare med ferga som går frå Kvanne kl. 08:30. Prisen vil liggee på rundt 800,- kroner pr. person, noko som inkluderer mat, billett på kystfortet og bussturen.

Første stopp på turen blir ved Bjartmars favorittkro på Kårvåg, der det blir servert kaffe med kakestykke. Lars Steinar og Mette Ansnes møter bussen på Averøya og blir med som guidar derifrå til Bud. Etter omvising på kystfortet, blir det buffet med dessert på Bryggjen i Bud – der skal det vera utruleg bra mat!

Historielaga kjem med meir informasjon om turen direkte til medlemmane og gjennom Todalen.no og Trollheimsporten.no når det lir litt meir innåt reisedato og påmeldingsfrist. Da vil også endeleg pris og avreisetidspunkt bli kunngjort. Når historielaga arrangerer turen tenker dei spesielt på medlemmene sine, men andre er også velkomne til å bli med!

Arrangørane håpar at mange finn turen interessant, slik at dei får fylt opp bussen, så sett alleriei no av datoen i kalenderen og bli med på tur!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. mars 2023, 09:56