Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen historielag – stor takk til Wenche!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. mars 2023

Wenche Kvendset har vore med i styret til Todalen historielag sidan starten i 2002. Ho har vore skrivar og vore med i skriftstyret i alle år. På årsmøtet i Ungdomshuset 28. mars fekk ho stor og velfortent takk for innsatsen frå leiar John Moe. 

Gåva frå historielaget til Wenche var eit gåvekort på epletre, som ho kan plante i hagen rundt nyhuset i Eplehagen på Husby.

Styret i Todalen historielag for 2023. Frå venstre: Åse Ville Redalen, Inger Johanne Iversen, Sven Olav Svinvik, John Moe, Knut Halset, Ragnar Halle. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå årsmeldinga for 2022:

Historielaget har heile 202 medlemmer. Her er det nok mange som ikkje har postadresse 6645 Todalen, men som har interesse for Todalen og lokalhistorie. Økonomien i laget er solid, men dei siste to åra har laget gått med eit lite underskott. Koronapandemien er nok ei av årsakene til det, da det har vore få arrangement.

I april arrangerte laget ettermiddagskaffe med stor oppslutning. Helge Husby presenterte boka si om kamphandlingane i Gratangen i 1940. Kulturvandringa var eit godt samarbeid mellom Nordvik Grendalag, Stangvik historielag og Todalen Historielag med tema «Etter gamle vegar frå Åsbøhaugane til Nordvik.» I juni var det busstur i Rindalstraktene. Årsskrift nr. 21 vart lansert 20. november.

Interesserte årsmøtedeltakarar: Åse Ville Redalen, Inger Johanne Iversen, Ingri Bruset, Maren Ansnes, Ragnhild Ansnes Moe. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Val og plan for 2023:

Etter årsmøtet ser det nye styret slik ut: Leiar John Moe, nestleiar Ragnar Halle, kasserar Sven Olav Svinvik, skrivar Inger Johanne Iversen, styremedlem Sissel Halset Storslett. Varamedlemer: Åse Ville Redalen og Knut Halset.

Første laurdagen i juni blir det kulturvandring ovanfor Falla; Vestrum og Talgø. Årets busstur blir i samarbeid med Stangvik historielag til Averøya og Bud. 12. november blir det Bokslepp. Og kanskje blir det filmkveld.

John Moe orienterte litt om Todalen skule – tap for bygda at skule og bibliotek er lagt ned. Todalen bøgdalag har sendt skriv til kommunedirektør Knut Haugen, der det blir etterlyst oppfølging av vedtak om å sette ned ein komite, for å utarbeide plan for kva som skal skje med Todalen skule. 

Godt med kveldsmat. Jon Olav Ørsal, Ståle Ansnes, Sven Olav Svinvik, Svein Volle, Einy Rendal Elgsæther. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fotosamling og kveldsmat

I matsalen var det ei stor samling med album og biltete frå barnehagedrifta i Todalen, både frå kortidsbarnehagen i Ungdomshuset og Todalen barnehage som vart opna i august i 1990. Utruleg mange interessante, artige og fine bilete!

Til slutt vart det servert riktig god kveldsmat og tid for triveleg prat rundt borda!

Stor biletsamling frå barnehagetida i Todalen. Svein Åge Saksen og Ståle Ansnes kikar på bileta. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fotoeigar: Todalen historielag.

 

 

Publisert: 28. mars 2023, 22:30