Minner om sitt årsmøte i kveld
Idrettslaget Søya minner om sitt årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen i kveld klokka 19:30. På saklista står vanlege årsmøtesaker som Årsmeldingar, Rekneskap, Budsjett og val.
Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.
Idrettslaget Søya minner om sitt årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen i kveld klokka 19:30. På saklista står vanlege årsmøtesaker som Årsmeldingar, Rekneskap, Budsjett og val.
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 26. februar klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe er organist. Takkoffer, via Vipps 506908, til Kyrkjelydsarbeidet.
Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.
Søndag ettermiddag samla Todalen historielag sine tropper til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Hovudaktiviteten var å arrangere bildekviss med historisk tilsnitt, men det var sjølsagt bakels & graut og andre godsaker til ettermiddagskaffen – og loddsal for å finansiere det heile. Arrangementet samla eit stort trettital med historieinteresserte, og det var historielaget leiar John Moe god nøgd med.
Todalen Idrettslag melder i kveld at tredemølla og romaskina fungerer som dei skal, etter å ha blitt reparert i dag. På tredemølla er det no skifta band og på romaskina er det motstandsmotoren som er skifta.
I dag var det full trøkk i Surnadal Alpinsenter, med konskurranse for både store og småe. Dyktige skirennarar hadde startnummer på brystet, og kjempa om pokalar og medaljer i løypene. Dag Skei satt «til rors» i anlegget i dag, og han kunne fortelje at det nok blir ekstra aktivitet i alpinbakken neste veke, når det er vinterferie og alpinanlegget er ope kvar dag frå kl 11 til kl 16.
I mai fyller SpareBank 1 SMN 200 år. Dette feirar dei, mellom anna, med å sette av ti millionar kroner til ei eiga støtteordning retta mot barn og unge, som av ein eller annan grunn fell utanfor dei organiserte aktivitetane. – Målet er å bidra til mindre utenforskap, seier banksjef Berit Skralthaug. Jubileet vil sjølvsagt bli markert på andre måtar i løpet av våren, kan banksjefen fortelje
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Fra sin egen stue på Lykkjeeidet i Surnadal syklet Håvard Gjeldnes inn til en overbevisende 6. plass i verdensmesterskapet i E-sykling som gikk av stabelen lørdag kveld. Som eneste nordmann kvalifiserte Gjeldnes seg til finalen, og endte på slutt på 7. plass. Totalt deltok 84 utøvere i sykkelrittet. Fire av disse var fra Norge. Det var Driva.no […]
I dag, mellom klokka 12:00 – 15:00, inviterte «Venner av Skulstuå» til «kaffeslabberas» i Skulstuå. Mange nytta høvet til å ta ein tur innom for ein kopp kaffe, noko godt å bite i, og sosialt samvær, noko som passa godt på ein dag med ikkje det beste vêret for uteaktivitetar.
Surnadal kommune inviterer også denne våren til kurs for småbarnsforeldre i barseltida. – Det er heilt normalt å vere litt usikker som småbarnsforelder. Dette kurset er for alle, seier kurshaldarane Ingunn Brekke og Rita Aarnes.
Kirkens Nødhjelp (KN) sin aksjon er eit årvisst innslag i fastetida. Tysdag 28. mars kjem konfirmantar og andre bøsseberarar på døra. Sokna i Surnadal og Rindal hadde strategimøte torsdag. KN-samordnar Gro Hauge Venås og soknekontaktane drøfta årets gjennomføring og fordelte bøsser og anna materiell.