Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ettermiddagskaffe med høg trivselsfaktor

Jon Olav Ørsal Måndag 20. februar 2023

Søndag ettermiddag samla Todalen historielag sine tropper til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset.  Hovudaktiviteten var å arrangere bildekviss med eit historisk tilsnitt, men det var sjølsagt bakels & graut og andre godsaker til ettermiddagskaffen – og loddsal for å finansiere det heile.  Arrangementet samla eit stort trettital med historieinteresserte, og det var historielagets leiar John Moe godt nøgd med.  

Det er faktisk 50 år sia hesjinga gikk av moten – no er det igjen eit skifte på gang. No er det innhaustar og flatsilo som gjeld, og plastpakka siloballar og ballpresser er ute. Foto frå YouTube.

Først på programmet stor ein film om hesjing som var henta på YouTube, og som viste korleis dette var gjort i gamle dagar.  Interessant å sjå, og det appelerte til gode minne for mange – faktisk nærma det seg femti år sia siloslåtten tok over etter produkjonen av tørrhøy.  Det er egentleg rart kor fort tida går, og no er den tradisjoelle siloslåtten ein saga blott. Det siste no er slutt på plastpakka grasballar, og overgang til sjølvgåande innhaustar og til flatsilo.  – Her gjeld og uttrykket at nye tider krev nye løysingar.  Temaet engasjerte salen, og det var mange som hadde minner frå tida med hesjing – og måten det vart gjort på.  Elles vart det og vist eit filmopptak frå fisketur til Neådalen – opptak som Svein Åge Saksen hadde gjort.  

Bildekviss engasjert – Storsalen vart inndelt i 5 lag som konkurerte om spørsmåla som Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe hadde laga. Stort engasjement blant publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Bildekviss engasjerte salen – Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe hadde samla mange gamle og artige bilde, og hadde laga ein kviss-konkuranse som engasjerte publikum.  Det gikk ut på å kjenne att folk, hus og hendingar, basert på gamle bilder som dei to har skanna rundt om i bygda, på oppdrag frå Todalen historielag.  Heilt utruleg korleis kor stort engasjement dette ga og kor ivrige folk var for å finne ut kva som var innhaldet i bileta, og jammen var det mykje viten samla – som hugsa så mykje etter så mange år. 

Heilt til slutt vart det trekning i lynlotteriet som historielaget arrangerte i samband med arrangementet – her var det mange fine gevinstar – mellom anna flotte innramma teikningar som Gerd Todalshaug hadde laga til historielaget.  

Planar vidare for historielaget er årsmøte som kjem tysdag 28. mars kl 19 – og Kulturvandring som blir arrangert laurdag 3. juni og som i år blir arrangert ved Vestrum og Talgø gard.

Wenche Kvendset og Nils Gjldnes spekulerer på bildekvissen. Foto jon Olav Ørsal

Ingri Bruset og Ragnild A. Moe, «Skannerpatrulja» har samla mange bilder til historielagets arkiv – no laga dei bildekviss til arrangementet. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 20. februar 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 19. februar 2023, 21:43