Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2023

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.


Med mildvêret kom blankisen for fullt

Jon Olav Ørsal Sundag 8. januar 2023

Etter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar.  På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte. 


Ny sesong med trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. januar 2023

Torsdag 12. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


«Litterært pusterom» på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. januar 2023

Surnadal biblioteket på inviterer alle til litterære «pusterom» den andre onsdagen i kvar månad (med nokre unnatak for sommaren). Første gongen i år blir difor onsdag 11. januar klokka 18:00 i lesesalen på biblioteket.


Seniorfilmklubben med «ny» klassikar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. januar 2023

Det «spruter av musikalsk energi og fortellerglede» (NRK) i Steven Spielbergs nye versjon av «West Side Story», som Seniorfilmklubben viser onsdag 11. januar klokka 12:00.


Ryddar skog og opnar opp rundt Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. januar 2023

Dei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen.  På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda.  Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på. 


Minner om foredrag med Ingebrigt Steen Jensen i Halsahallen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. januar 2023

Surnadal demensforening og helselag, som er ein av dei fire arrangørane, minner om at Ingebrigt Steen Jensen kjem til Halsahallen måndag 9. januar. Han kjem for å halde eit foredrag om den nyaste boka si «Før jeg forsvinner» og det nye livet han har fått, etter at han fekk påvist Alzheimer. Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag minner også om at dei som vil ta buss frå Surnadal og Kyrksæterøra til Halsahallen, må melde frå om dette på telefon innan utgangen av søndag. Kontaktinformasjon finn du litt lenger ned.   


Kjem til Bondehuset: Unni Boksasp presenterer ny musikk for Draumkvedet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. januar 2023

Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim i Seljord i Telemark. Den 10. januar kjem forestillinga til Bondehuset i Stangvik. 


I rokk og fokk og is

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2023

 I rokk og fokk og is skriv Hans Rotmo i teksten, og slik er det i ferd med å bli her også no.  Rart vër egentleg, for å dag tidleg var det 8 kuldegrader i 7-tida – berre ein halvtime seinare var temperaturen gått opp til 2 minus – og littlenger utpå vart det faktisk varmegrad.  Utover ettermiddagen har det auka på med litt kald vind, 5 til 6 m/sek og faktis opp i 11-12 m/sek i kasta.


Månadens bilete desember

Guro Redalen Måndag 2. januar 2023

Vi slepp ikkje heilt taket i desember og 2022, for her kjem sjansen for å bli med å avgjere kva bilete som kan bli månadens beste. Og skal ein tru utvalet så var årets siste månad prega av HalsOil-skjermhuv, glimt av sol og vebju.


Pyroteknisk skalkfest på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen.  Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.  


Fyrverkeri på Bordholmen kl 18.00 i kveld – 1. nyttårsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

På grunn av tett snøfokk og snødrev rundt midtnatt i går kveld, er det sannsynlig vis mange som ikke fikk skyte opp sine rakettbatteri. Derfor har det i samråd med brannsjef i Surnadal  og politiet i Møre og Romsdal, vurdert det  slik at det beste er få disse rakettbatteriene opp i lufta, enn at de […]


Snøvêret ødela for nyttårsmarkeringa

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Det heftige snøvëret øydela nok litt for fyrverkeriet og markeringa av nyttåret i Todalen.  Det var både snø og vind, og det la nok ein dempar på fyrverkeriet denne gongen.  Massivt fyrverkeri i Øyalia kom mesta bort i skodda, og det var for oss vanskeleg å sjå fyrverkeriet på Todalsøra og Kvennset.   Har du fine […]