Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjem til Bondehuset: Unni Boksasp presenterer ny musikk for Draumkvedet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. januar 2023

Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim i Seljord i Telemark. Den 10. januar kjem forestillinga til Bondehuset i Stangvik. 

I ei pressemelding heiter det mange komponistar, som David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim, har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet Draumkvedet.

Historia om Olav Aasteson si draumeferd er den same:  Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet, fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn.  Da har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir slutt blir han vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul vaknar Olav opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.

Publisert: 5. januar 2023, 17:43