Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minner om foredrag med Ingebrigt Steen Jensen i Halsahallen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. januar 2023

Surnadal demensforening og helselag, som er ein av dei fire arrangørane, minner om at Ingebrigt Steen Jensen kjem til Halsahallen måndag 9. januar. Han kjem for å halde eit foredrag om den nyaste boka si «Før jeg forsvinner» og det nye livet han har fått, etter at han fekk påvist Alzheimer. Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag minner også om at dei som vil ta buss frå Surnadal og Kyrksæterøra til Halsahallen, må melde frå om dette på telefon innan utgangen av søndag. Kontaktinformasjon finn du litt lenger ned.   

Ingebrigt gjev Alzheimer og demens eit ansikt og står fram med ei befriande openheit og ufarleggjering av det å snakke om å bli råka av denne sjukdommen. Ein sjukdom som det kan vere vanskeleg å snakke om og vanskeleg å handtere. I tillegg kan ein vente seg både humor og gode historier.

Arrangementet går av stabelen i Halsahallen på Liabøen klokka 19:00, mandag 9. januar. Arrangører er Nasjonalforeningen for folkehelsen (NFF) Halsa demensforening, NFF Surnadal demensforening og helselag og Heim kommune. Det blir sett opp bussar frå Surnadal kulturhus klokka 18:00 og frå Kyrksæterøra klokka 17:30. Påmelding buss frå Surnadal til Liv Botten 957 29 719, og frå Kyrksæterøra til Tove Karin H. Lervik 415 21 427 innan søndag 8. januar. Ta gjerne kontakt med dei lokale laga som arrangerer for meir informasjon.

«Alzheimer/demens i nær familie, hos venner eller kollegaer kan ramme alle. Jo eldre vi blir jo større er risken for å rammes. Og heldigvis, så blir mange av oss gamle. Da er det fint å kunne være åpen og prate om denne sykdommen som skader og dreper celler i hjernene våre, sånn at vi begynner å huske dårlig eller oppføre oss rart.»

Ingebrigt signerer bøker i pausen og bøkene kan du få kjøpt av Ark Surnadal, som er på plass i Halsahallen denne kvelden.

Inngang kroner 100,-. og kan betalast med Vipps eller kontantar. Det er ikkje førehandssal av billetter, men det er god plass i Halsahallen, så det blir plass til alle. Det blir også lagt til rette for best mogleg lyd med profesjonelle lydfolk.

Halsakoret har takka ja til å opne kvelden med nokre songar, før sjølve foredraget tek til. Det er lagt inn ein pause for kaffe og litt å bite i.

«Vi gleder oss til besøket av Ingebrigt Steen Jensen til Heim kommune, og arrangementet er åpent for alle, så det er bare å ta turen fra kommuner rundt oss også», seier arrangementskomiteen i ei pressemelding.

Ta kontakt med Liv Botten eller Tove Karin H. Lervik for meir informasjon.

Arrangøren ønsker alle hjarteleg velkomne! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 6. januar 2023, 07:00