Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pyroteknisk skalkfest på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen.  Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.  

Handelsmann Nordvik som er autorisert forhandlar av polyteknisk utstyr var ein naturleg ledar for prosjektet, og litt omtale på Todalen.no gjorde at nokre innehavarar av fyrverkeri og nokre skuelystne møtte opp på Bordholmen i kveldinga for å bivåne det heile. Valget på Bordholmen skjedde fordi at ein da var godt unna fjøs og bustader, med tanke på dyrevelferden.  

Eit tital store batteri gikk bokstaveleg opp i smell og røyk og det var faktisk litt heftis ein periode når det stod på som vest.  Vi har laga eit lite bildegalleri frå arrangementet – det viser stor variasjon i fyrverkeriet.   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. januar 2023, 19:18