Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2022

Vi fann 118 artiklar i dette arkivet.


Klart for busstur i morgon – nokre plassar framleis ledige

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juni 2022

Alt er no klart til Todalen historielag og Stangvik historielag sin busstur til Surnadal, Rindal og Meldal i morgon. Det blir mellom anna besøk på skimuseet i Rindal og middag på Bolme pensjonat på returen frå Meldal. Det blir meldt om at det framleis er nokre få ledige plassar, om nokon, på kort varsel, vil vere med? Ta da eventuelt kontakt med John Moe på telefon 920 48 854 snarast!


Rensa grøftene på Ansnesvegen

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2022

Dei siste par dagane har det pågått grøftrens på Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansnessaga og Ansneset etter kommunevegen. Det er Lars Arne Bøe frå Mesta i Surnadal som er leid inn av Surnadal kommune for å gjera denne jobben.


Aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juni 2022

I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit. 


Justerte flyteevne på brygga

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2022

Det var litt «ståhei» på havna på Todalsøra fredag morgon – ein kranbil sørga for å løfte opp flytebrygga på Nerbu slik at flyteigenskapane kunne justeres. Landgangen som går inn på terrassen på Nerbu var i utangspuntet litt for tung og pressa dermed ned brygga


Brann i Talgøbedrifta Melby torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2022

Torsdag kveld braut det ut brann i lakkanlegget på Melby Snekkerverksted på Eide. Brannmannskapa fekk etter kvart kontroll over brannen som gjorde stor skade på lakkanlegget, men alle tilsette kom seg ut og ingen skal være skadd, melder Talgø.


Camp Villaks 2022 – SURNA

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juni 2022

Helga 24. – 26. juni, altså neste helg, inviterer Surnadal elveigarlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til Camp Villaks 2022. Camp Villaks er for fiskeinteresserte ungdommar i aldersgruppa 14 – 18 år. 


Todalen IL med SUPERLOTTERI

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. juni 2022

Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd tek til i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 10:00


Stavgang Igltjønna i Rindal

Sverre Kjølstad Torsdag 16. juni 2022

Det var ikke noe innbydende syn for stavgang i morgentimene i dag med tykk skodde og regn i lufta. Men etter hvert vart det bedring i sikte, skodda forsvant, og solen tittet også fram. Regnkledene vart igjen i bilene, og da vi gjekk 2 runder rundt Igltjønna var det oppholdsvær med litt sol.


Vindøldalstur med Fjellgruppa tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. juni 2022

Tysdag 21. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til Vindøldalstur. Da går nemleg Fjellgruppa sin vekentlege tur til Vindøldalen. Oppmøte på parkeingsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring oppover.


Dobbel dose i arboretet – både fotokunst og visesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2022

Onsdag kveld var det i Svinviks arboret det skjedde – Jörg Brünke opna fotoutstilling i den gamle billettbua i arboretet – samtidig heldt Jo Sverre Sande konsert i hagen på arboretet. Vi kan vel også legge til at no er blomstringa i hagen på arboretet på sitt prektigaste. Iallfall fekk vi som var der full pott med kultur og trivsel denne kvelden.


Talgø Tradbo søker DAGLIG LEDER

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2022

Talgø Tradbo er et norsk tømrerfirma med dyktige fagfolk, sentral godkjenning og snart 40 års erfaring med rehabilitering og nybygg. Nå er vi på utkikk etter en drivende dyktig og målrettet daglig leder som kan ta Talgø Tradbo til nye høyder


Dei to første laksane er komne på land

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2022

Det er alltid knytt stor spenning til starten på ein ny sesong for laksefiske. I natt ved midnatt starta årets sesong i Toåa, og det var nok venta at det skulle bli resultat ganske fort, ettersom det er fin fiskarelv med rundt 20 m2/sek på Storfossen i går kveld. Deit første timane gikk og laksebettet såg vi lite til dei første timane. Men rundt lunchtida i dag var det resultat, da Nils Harald Øyen Kvande tok ein på 5,39 kg i Nedre Oddøyhølen og omtrent samtidig tok Erik Evavold ein på 3,5 kg i Båthølen – ein kilometer lenger oppe i elva