Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei to første laksane er komne på land

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2022

Det er alltid knytt stor spenning til starten på ein ny sesong for laksefiske.  I natt ved midnatt starta årets sesong i Toåa, og det var nok venta at det skulle bli resultat ganske fort, ettersom det er fin fiskarelv med rundt 20 m2/sek på Storfossen i går kveld.  Deit første timane gikk og laksebettet såg vi lite til dei første timane.  Men rundt lunchtida i dag var det resultat, da Nils Harald Øyen Kvande tok ein på 5,39 kg i Nedre Oddøyhølen og omtrent samtidig tok Erik Evavold ein på 3,5 kg i Båthølen – ein kilometer lenger oppe i elva. 

Begge to ser ut til å være villaks, og det var litt lus på begge laksane som no altså er komne på land.  Det er fleire som har rapportert at vatnet i Toåa er i kaldaste laget – det var snakk om 5-6 grader i natt.  Det er nokså mykje snø i fjellet, så det pågår nok snøsmelting som enno påverkar temperaturen.  Elveeigarlaget har alt solgt dei fleste fiskekorta dei par første dagane av laksefisket, medan det enno var nokre stenger ledig hos Todalshytta i dag tidleg. 

Nils Harald fortel at han har base hos bestefar og bestemor på Hjellå når han fiskar i Toåa.  Nils senior var nok ein habil laksefiskar tidlegare og Nils Harald fortel at han og bestefar har kampert mykje i lag i Toåa i barndommen.  Nils Harald var godt nøgd med dagens resultat, og fortalte at det var nokre få lus på laksen han tok på land.  

Laksen på 5,4 kg som Nils harald tok – eit flott emsemplar og forhåpentleg vis ein ekte «todaling»! Foto Nils Harald Øyen Kvande

Publisert: 15. juni 2022, 15:24