Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2022

Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.


Svinviks arboret treng sesongarbeidarar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. mars 2022

Svinviks arboret søker no etter sesongarbeidarar for sesongen 2022. Arboretet har behov for tre sesongarbeidarar, og gjeld i perioden mai – august, da arboretet er ope for publikum. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av å vere vertskap for besøkande, betjene kafe og kasse, baking/matlaging, servering, dagleg reinhald og anna forefallande arbeid. Omvisingar og enkelt hagearbeid kan og bli lagt til stillingane.  


Auka fokus på eigenberedskap

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. mars 2022

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men vi er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Situasjonen i Ukraina gjer at myndigheitene i desse dagar har auka fokuset rundt det med eigenberedskap og enkle råd for å vere best mogleg rusta, dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.  



Haukåbrua – snart klart for støyping

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2022

Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde.  Det er  Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet.  Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?


Lokal markering av kvinnenes internasjonale bønedag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. mars 2022

Kyrkja i Surnadal og Bibelselskapet ønsker velkommen til Kyrkjelydshuset på Skei for å feire kvinnenes internasjonale bønedag fredag 4. mars klokka 18:00. Kvinnenes internasjonale bønedag starta i USA i 1887, og kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag. I dag blir bønedagen (World Day of Prayer) markert i meir enn 170 land og regionar. I Noreg starta slike samlingar i slutten av 1920-åra.


Beredskap lokalt og støtte internasjonalt

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. mars 2022

Surnadal og Todalen sanitetsforeiningar samarbeider om ein felles omsorgsberedskapsavtale i Surnadal kommune. Som eit direkte resultat av dette samarbeidet, ønsker også dei no å mobilisere, for å hjelpe det ukrainske folk, som akkurat no opplever uhyggelege krigshandlingar. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har starta ein innsamlingsaksjon der pengane skal gå til Røde Kors. NKS samlar til vanleg ikkje inn penger til andre organisasjonar, med unntak av den nasjonale dugnaden TV-aksjonen. Dette er ein ekstraordinær situasjon, og dei gj3r difor eit unntak i samband med situasjonen i Ukraina.


Indre Nordmøre Forsvarsforening blir til Nordmøre Forsvarsforening

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. mars 2022

På årsmøtet til Indre Nordmøre Forsvarsforening 15. februar, vart det vedteke å endre namn til Nordmøre Forsvarsforening. Forslaget om namneendringa kom frå styret, og hadde sin bakgrunn i at det ikkje lenger er drift i det som tidlegare var Ytre Nordmøre Forsvarsforening. Da er det heilt naturleg at namnet blir Nordmøre Forsvarsforening, noko årsmøtet sa seg heilt enig i og vedtok.   


Samlar inn klede til flyktningane

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. mars 2022

Kyrkja i Surnadal har lenge samla inn klede, sko og anna utstyr til flyktningane som er busett i Surnadal kommune, og mange har respondert og bidrege. Diakon i Surnadal, Aud Pauline Indset, fortel at det akkurat no er størst behov for klede og sko til barn i alderen 0 – 8 år. 


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. mars 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem tysdag 15. og onsdag 16. mars. Det er mange ledige timar båe dagane.


Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. mars 2022

Todalen sanitetsforening varmar opp til den internasjonale kvinnedagen med å invitere til arrangementet Kvinnehelse: «Det personlege er politisk» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars klokka 18:00 – 20:00. Arrangementet vil fysisk gå føre seg på Youngs (nede) i Oslo, men vil, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, bli strøyma og vist direkte i ungdomshuset.    


80 år sidan flystyrten på Nordmarka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. mars 2022

Laurdag 5. mars er det 80 år sidan flyet til den skotske RAF-piloten Sandy Gunn vart skote ned over Nordmarka i Surnadal. Gunn var på rekognoseringsoppdrag for å fotografere det tyske slagskipet Tirpitz i Åsenfjorden da han vart skoten ned av ein tysk Messerschmitt. Gunn skaut seg ut av flyet og overlevde styrten. Han var seinare teken til fange av tyske mannskap på bakken og sendt til fangeleiren Stalag Luft III i Polen.