Kløvertur i Toåa tursti
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 15. juni. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur. Det blir kaffepause på rasteplassen ved Båthølen. VEL MØTT!
Vi fann 110 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 15. juni. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur. Det blir kaffepause på rasteplassen ved Båthølen. VEL MØTT!
Laurdag kveld vart den universelt utforma fiskerampen i Båthølen kvalitetssikra av den første rullestolbrukeren. Eirik Halle var på sin andre tur i Toåa Tursti og var mektig imponert over anlegget. Denne gongen hadde han parkert ved kirka og kjørt med den elektriske rullestolen nedover turvegen.
Denne veka har Gunnar Nordvik vore på jobb ved Bøkeskogen i Stangvik. Her er nytt bord på plass og det er laga ein sikrare bålplass for folk som vil grille – eller kanskje koke på svartkjelen. For ein del år sidan bygde Gunnar ein kopi av ei høyløe her, og no vart altså området oppgradert vidare.
Todalen Camping er klare til å ta i mot dei første sommargjestane på den improviserte campingplassen på Bordholmen. Tilbodet er eit samarbeid mellom Todalen Idrettslag og Todalen elveeigarlag. Plassen er først og frmst etablert med tanke på eit tilbod til laksefiskarane i Toåa, men den er også open for andre som vil ha ein plass å sette campingvogna, bubilen eller teltet i sommar, fortel Laila Kvendset som er ansvarleg for den daglege drifta.
Todalen Mjølk er i full gang med slåtten – i løpet av helga er det plana å slå minst 1000 mål av til saman rundt 2000 mål som dei driftar. Og jammen går det unna når ein slår 2×3 meters bredde og kjører rundt 20 km i timen med slåmaskina. Vi snakka såvidt med odd Harald Talgø som satt bak rattet på traktoren, og han fortalte at det er mykje gras i år.
Natt til måndag klokka 00:00 startar laksefisket i Toåa. Dette er det knytt stor spenning til, for no er det veldig god vassføring i elva, og det skal ligge godt tilrette for laksefisket. Todalshytta ventar i helga dei første gjestane som kjem for å prøve laksen, og Todalen elveeigarlag er godt budd til ny sesong som varer fra og med 15. juni til og med 15 august. Søndag kveld inviterer Todalshytta til fluekastarkonkurranse medan vi venter på at klokka skal nå midnatt.
Fjellgruppa til Surnadal Pensjonistlag har Trodalen som mål tirsdag 16.6. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje kl. 10:45, og prøver å få til samkjøring til Flesa. – Derfrå går vi til Trodalen, og der et vi matpakken vår. Ein grei tur no i godværet. Alle godt vaksne kan delta! Vel møtt! Turverter er Tor Asle […]
Stangvik sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Nordvik søndag 14. juni. Takka vere gjestefriheita til Ola og Ingrid Røe har det vore tradisjon i mange år å ha denne gudstenesta på stranda deira nedanfor Slettneset, eit nydeleg område ved sjøen som Stangvik sokneråd er svært takksame for å få lov å bruke fortel soknerådsleiar i Stangvik, Ranveig Brøske.
Den nyvalgte anleggsgruppa med ansvar for anlegget på Bordholmen med Lars Stensby i spissen, har i kveld hatt sitt første møte. I den anledning ønsker gruppa å invitere bygdefolket til dugnad førstkommende måndag.
Endeleg bar det til fjells med angusflokken på Kårvatn – omtrent ein månad forsinka var dagen komen for å sette kursen til Gammelseterdalen på sommarbeite. Heile 58 dyr med smått og stort skal kose seg der i heile sommar, og kjem ikkje att før det lir eit godt stykke ut i september. I Gammelseterdalen får dei forsyne seg av ingrediensar som sjølv ein mesterkokk ville sette pris på.
Stavgang over fylkesgrensa langs elva som renner gjennom både Rindal og Surnadal. Elva binder oss sammen, selv om vi i dag hører heime i hvert vårt fylke. Rindal imponerer med sitt dugnadsarbeid, og vi opplevde trivsel og velvære med elvesus og frodig vegetasjon
Trine Engdal Storholt stakk av med første plassen denne gongen også. Frida og Svanen gjekk til topps i kåringa for bilete fra mai månad. Her var mange fine bileter og hard konkurranse blandt fleire.