Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal kose seg i Gammelseterdalen i sommar

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2020

Endeleg bar det til fjells med angusflokken på Kårvatn – omtrent ein månad forsinka var dagen komen for å sette kursen til Gammelseterdalen på sommarbeite.  Heile 58 dyr med smått og stort skal kose seg der i heile sommar, og kjem ikkje att før det lir eit godt stykke ut i september.  I Gammelseterdalen får dei forsyne seg av ingrediensar som sjølv ein mesterkokk ville sette pris på. 

Beitemenyen består bl.a. av perikum, ormgras og andre bregner, fjelltimotei, harerug, rogn, tort, vier og lyng, så det er ikkje rart at dei trives, – og at kjøtet er ettertrakta. I Gammelseterdalen beitar dei heilt inn til Falla, så dei har store områder å gå på. Matmor Cathrine seier vinteren har vore særs lang i år, og dei kjem på beite ein månads tid etter normalen.  Kvart år når vi slepper dei, blir som ein merkedag. Men i år var det ekstra godt, seier ho. 

Cathrine matmor sitt å nyte synet av fornøydde kyr og kalvar som endeleg får til skogs og til fjells.  Foto: G. Kårvatn

Fint var det også i Nauståfossen i dag. Gudmund Kårvatn var der ein tur, og har sendt oss ein filmsnutt som er verdt å sjå.  Klikk på biletet av fossen så får du sjå fossen i fullt brus – litt av eit syn der  rundt 10 m3/sek kastar seg utfor og lagar regnboge i ettermiddagssola.  Foto: Gudmund Kårvatn

Nauståfossen speglar ettermiddagssola med ein flott regnboge. Klikk på bildetet og sjå fossen full av liv! Klikk på det lille bildet og start videoen – litt av eit syn!  Foto: G. Kårvatn

 

 

https://share.icloud.com/photos/0IJEdTLRTR3zxPyhpaDzvWrZg

Publisert: 11. juni 2020, 20:41